Foto

Ein av mine viktigaste hobbyar er foto. Eg kjem frå ein kunstnarisk familie, med ein far som var kunstnar, og eg har heilt klart eit behov for å uttrykkja meg både gjennom musikk og visuelt. Eg har frå eg var liten alltid hatt lyst på eit skikkeleg kamera, men før i tida var det verkeleg dyrt! Ikkje nødvendigvis utstyret, men berre det å få sjå bilda!
Kidsa som veks opp i dag og kan ta hundrevis av bilda kvar dag forstår ikkje at før 2000-talet måtte ein kjøpe film, montere i kamera, og når ein hadde tatt 24 eller 36 bilda, så måtte dei bilda sendast inn til framkalling, noko som kosta ein formue!

Det var trasige kamera eg hadde dei første åra. Altid billegaste pocketkamera . I 2003 kjøpte eg mitt første videokamera, som var noko eg også hadde drøymt om lenge. Dette Sony-kameraet tok relativt ok digitale stillbilda også, og det var dermed mitt første digitalkamera. I dag tar jo mobiltelefonen min betre bilda, med betre oppløysing, men det er ein heilt annan sak.



Til jul i 2005 kjøpte eg meg så mitt første speilrefleks. Det gjorde eg ikkje minst fordi eg då hadde ein sambuar som var halvvegs i svangerskapet med det første barnet vårt, og eg nytta det som påskot til å kjøpa meg eit skikkeleg kamera for å dokumentere fødsel og oppvekst på ein skikkeleg måte.
Eg endte opp med eit Canon 350D. Fin-fint lite kamera som tok utmerka bilda.



Det ga meirsmak. Eg utvikla ferdighetene mine, og med tida meldte behovet seg for litt meir avansert utstyr. i 2009 kjøpte eg difor ein Canon 50D. Eg hadde då allereie kjøpt ei 100mm Canon macrolinse, og eg kjøpte i tillegg eit Sigma 50mm-objektiv.

Nye fem år gjekk, og eg hadde spart opp pengar igjen. På fotomessa til FotoVideo i mars 2014 hadde dei eit knalltilbod på Canon 6D - eit fullformat kamera med video. Eg greidde ikkje stå i mot, og slo sjølvsagt til. Har ikkje angra eit sekund. :)

Her er slideshow med bilda eg delar på Flickr som er mi føretrekte fototeneste.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Open og personleg jobbsøknad

Eg klarar ikkje halda kjeft lenger...

Om han pappa, Ernst Lockertsen (1931-2003)