Mi historie i Ofoten

Eg har drive med slektsforsking ei tid. Det er ein typisk gamalmannsaktivitet som ein gjerne blir interessert i når ein blir eldre...
Eg veit ikkje heilt kva det var som vekte interessa, men eg har ei grunnleggjande historieinteresse som eg har hatt sidan barndomen, og det er rart med det, når ein byrjar forske litt og bli kjent med dei som kom før, blir ein ganske fascinert av tanken på kva slags folk dei var, og det er jo ei kjensgjerning at kvar og ein av dei som kom før meg bar på ein liten del av det genetiske puslespelet som har gjort meg til meg. Det er fascinerande. Eg er også så heldig å ha eigne barn, og tanken på at eg kanskje kan få mange etterkomarar er eigentleg utruleg.

Det er også spennande og litt trist å sjå kva dei som levde før måtte slite med - kor fint vi faktisk har det i dag, i motsetnad til ei tid då både legevitenskapen og sosial tryggleik var kome veldig kort. Det  gjer at ein på mange vis blir takksam for å leva i Noreg akkurat no.

På farssida mi har mykje blitt gjort før i slektsforsking, m.a. av min onkel Werner, så der er det ikkje mykje nytt eg har brakt til bords, berre tatt vare på og vidareført den databasen han jobba med, men på morssida har eg funne mange - til no - ukjente forfedre i kyrkjebøker og folketeljingar.

Det eg kan seia om slekta på morssida er at det er omtrent som forventa. Ingen rikmannsfolk. Stort sett husmenn og nokre sjøsamar.

Slekta mi på morssida har mange røtter i Ofoten. I Narvik, Evenes, Skjomen, på Emmenes og Ankenes, i alle fall tilbake til 1700-talet som er så langt eg har nådd i skrivande stund. Narvik er jo ein ung by som blei bygd nesten frå grunnen av rundt 1900-talet, men det var busetning der og i områda rundt langt tilbake i tid.

Min tippoldefar Andreas Andersen var ein fattig gut av sjøsamisk slekt frå Taraldsvik som fekk arbeid på ein gard på Framnes på midten av 1800-talet. Garden heitte Nordgården, fordi den låg på nordspissen av Narvikhalvøya, akkurat der den no nedlagte flyplassen ligg.

På Nordgården budde Jokum og Inger. Dei var hardt arbeidande gardsfolk og fiskarar som ikkje hadde eigne barn. Dei dyrka jorda om sumaren og rodde på fiske heile året. I gamal tid under lofotfisket rodde dei fleste menn i Ofoten til Skrova og Vågan for å delta i det eventyrlege torskefisket som framleis er viktig for økonomien i Nord-Noreg.

Andreas var sonen til Anders og Lisbeth som opprinneleg kom frå Elvegård i Skjomen og Emmenes og var av sjøsamisk slekt. Anders blei fødd under Frostisen der oldefaren Anders Nielsen slo seg ned i 1758. Det budde sjøsamar i heile Ofoten, men levesett og kultur blei etter kvart utvatna og stadig meir og meir lik bumannkulturen som rådde. Ved byrjinga av 1800-talet var berre 1/10 av befolkninga av sjøsamisk slekt, og fornorskinga var i stor grad fullført, og mykje av den unike kulturen har dessverre gått tapt.

Gamle bygningar under Frostisen fotografert på 1950-talet

Anders og Lisbeth gifta seg i 1830 i gamle Ankenes kyrkje. Altså den kyrkja som stod der før dagens 175 år gamle kyrkje blei bygd.
Den gamle Ankeneskyrkja låg ganske langt nede ved sjøen, og hadde ein likkjeller under golvet. Det blir sagt at enkelte gonger var likstanken så sterk frå den kjellaren at folk besvimte under gudstenesta. Lat oss håpe at lukta ikkje var så ille på den lukkelege dagen då Anders og Lisbeth blei mann og kone i kyrkja og feira med familie og vener på ukjent stad.

Blant gjestane i brudlaupet fann ein sjølvsagt faren til Lisbeth. Han heitte Matz Ingebrigtsen og vart fødd på Emmenes i 1769 og står registrert som husmann med jord ved folketellinga i 1801, men var også sjøsame, då han og kona Ingeborg står merka som "lap" i kyrkjebøkene.

Etter  at Anders og Lisbeth gifta seg slo dei seg etter alt å dømme ned i Taraldsvik på sørsida av Narvikhalvøya, og der blei Andreas fødd i 1841. Det var nok tøffe tider, men for dei fleste i Ofoten var det ikkje veldig ille. Det var alltid nok fisk i fjorden, og jorda var fruktbar. Før Andreas blei vaksen flytta han inn hos Jokum og Inger på Nordgården på Framnes og blei "tjenestedreng".

Nokre år etter at Andreas fekk arbeid på Framnes, emigrerte så tre lukkejegerar frå Pajala i Sverige. Dei tre var enkemann Henrik Henriksen, dottera hans Johanna og barnebarnet Kajsa Maria.

Johanna var enda ikkje fylt 18 år då Kajsa Maria blei fødd i Pajala i mai 1863. Ho gifta seg med barnefaren Fredrik i juni same år, men allereie i september samme år slo tragedien til og ho blei enke då Fredrik døydde i ei ulukke! Det var tøffe tider i Nord-Sverige, og det blei ikkje betre av å bli aleina med ein liten baby, så faren til Johanna tok ansvar for den vesle familien, og tok med seg dotter og barnebarn og reiste til Noreg året etter.

Johanna blei for øvrig konfirmert av ein nordkalottkjendis: Den konservative presten Lars Levi Læstadius. Grunnleggjaren av læstadianismen. Han var prest i kyrkja då Johanna blei konfirmert.

Eg veit ikkje om Johanna og Henrik var læstadianarar. Lite tyder på det, men dei kom i alle fall til Narvikhalvøya og slo seg ned på Slåttvikstrand, der småbåthamna i Narvik ligg i dag. Henrik fann seg norsk kjærast og Johanna fekk losji og arbeid på Nordgården på Framnes og slo seg ned der saman med Kaisa Marja, eller Karen Marie som ho no kalla henne, sidan dei var blitt nordmenn.

Johanna og Andreas på sine gamle dagar

Det var enkle kår med jordbruk og fiske, men Nordgården må ha vore fruktbar og fisket godt, for det var også rom til ein fosterson til på garden, og då Johanna og Andreas blei eldre blei det bygd kårstuge til dei, samstundes som både fostersonen. Andreas og Johanna fekk hus der. Det skjedde tydelegevis også ting i høyet, for etter ei tid gifta Andreas og Johanna seg og fekk ei datter: Anna Elisabeth. Ho vaks opp saman med den eldre halvsøstra si på Nordgården.


Framleis var det stille og roleg i Narvik, men det byrja så smått å røre på seg med byggjing av jernbane til Kiruna i Sverige. Jernmalmgruvene i Kiruna trengte ei isfri hamn å skipe malmen til foredling i resten av verda, og valet falt på den naturlege hamna ved Narvikhalvøya. I anleggstida då banen blei bygd var det busetning i Rombaksbotn - inst i Ofotfjorden (Rombaksfjorden), men då banen var ferdig heilt fram til Narvikhalvøya var det der ein bygde by, og alle husa i Rombaksbotn har  vore borte i mange tiår.

Byggjinga av Ofotbanen skapte mange arbeidsplassar og mange kom for å arbeida og mange slo seg ned her, både nordmenn svensker og andre.

John og Dorthea Einarsen


I starten av 1800-talet kom det fleire lukkejegerar til Ofoten, ikkje berre frå Sverige og Finland, men søringar! John Einarsen, broren hans og familiane deira som hadde vakse opp i Våler i Solør (Hedmark) tok med seg det dei eigde og kom til Ofoten. Dei slo seg ned på Fagerjord ved Straumsnes og byrja å dyrke jorda der. John og kona Dorthea satte mange ungar til verda, 11 til saman, og ein av dei var Olai Edvard Johnsen.

Nordgården på Framnes

Olai møtte Anna Elisabeth frå Nordgården og slo seg ned der etter at dei to gifta seg. Dei er oldeforeldra mine, og foreldra til min bestefar Henry som eg har skrive litt om før her i bloggen.

I 1900, det året Heny vart fødd, og medan Narvik var i ferd med å bli bygd starta han  byggmesterforretning og trelasthandel. Den låg på Wiig-brygga nede ved sjøen. Han står som byggmester av fleire hus i Narvik, mellom anna hus som blei bygd i Parkveien under 1. verdskrig.

Olai og Anna fekk sju barn som alle vaks opp i Narvik. Dei budde på Nordgården fram til den blei øydelagt under 2. verdskrig. Olai døydde i 1954, to år etter hans kjære Anna.

Anna Elisabeth og Olai
Henry, fødd i 1900 byrja å arbeida i NSB, med fleire ulike arbeidsoppgåver. Les rapporten hans til NSB om hans innsats under 2. verdskrig. Etter krigen blei han leiar for NSB Reisebyrå.

Han møtte kona si Jonette i Narvik. Jonette sine foreldre var Markus frå Tysfjord og Nikoline frå Dragvik. Dei slo seg ned i Narvik i anleggstida. Markus var mellom anna fiskehandlar.

I 1928 bygde Henry hus på Stormyra, sikkert med hjelp av far sin, trelasthandlaren Olai, i det som no heiter Stormyrvegen. Der fekk han to søner og til slutt ei dotter i 1932. Det var Brit Lajla, mi mor.

I junidagane 1940 blei imidlertid huset truffe av tyske bombefly, og dei tapte alt. Nytt hus blei bygd i løpet av krigen, der mamma vaks opp, og då ho kom heim til Narvik etter ferdig lærarutdaning og med ny mann, budde dei og førstefødte dotter Tone på kvisten i huset til Henry medan dei bygde eit hus inntil huset, på samme tomt. Der vaks eg opp.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Open og personleg jobbsøknad

Eg klarar ikkje halda kjeft lenger...

Om han pappa, Ernst Lockertsen (1931-2003)