Hashtag never forget

Vi lever i eit fredeleg land. Heldigvis. Vi tar demokratiet for gjeve, og vi har ein ytringsfridom som er nesten absolutt. Uansett kor reaksjonær du er har du alltid retten til å uttale deg - så lenge du ikkje går til åtak på enkeltpersonar eller grupper.

Vi har mange krigsflyktningar som har kome hit til landet. T.d. bosniere og syriere som har mista alt i byane dei budde i før dei kom hit.

Vi har sett tidlegare blomstrande byar liggja i ruinar i løpet av få år, og når vi ser bilda som desse frå Syria så tenkjer dei fleste av oss på kor tragisk det er, men det verkar veldig fjernt og vanskeleg å ta inn over seg.



Vi er heller ikkje særleg flinke til å hugsa vår relativt nære fortid, er vi vel? Eg meiner vi kan kalle det nær fortid når vi framleis har mange tidsvitne som kan fortelja, sjølv om dei blir færre og færre.

For min eigen del har krigen sine øydeleggjingar vore ein del av livet sjølv om eg heldigvis ikkje har merka noko til den på min eigen kropp.

Eg vaks opp i Narvik, der mamma si slekt har budd sidan midten av 1800-talet. Narvik er ein ung by, som blei grunnlagt der den ligg i dag pga utskipinga av jernmalm frå jerngruvene i Kiruna i Sverige. Narvik fekk bystatus først i 1902.

9. april 1940 gjekk Hitler-Tyskland til åtak på Noreg, og Narvik var eitt av dei prioriterte måla nettopp pga jernmalmen frå Sverige. Det var svært viktig for både tyskarane og dei allierte å kontrollere den ressursen som var ei forutsetning for krigsmaskinen. Jern brukast i alle våpen.

Om morgonen 9. april vakna mamma av eksplosjonar på Narvik hamn. Ho var berre 7 år. Litt eldre enn mi yngste dotter i skrivande stund.

Eksplosjonane var lyden av tyske skip som senka panserskipa Norge og Eidsvold. 276 menneske døydde om bord på dei to skipa den morgonen. Blant dei, den første mannen til mi tante Olga.

Panserskipa Norge og Eidsvold - bilde tatt dagen før dei blei senka

Østerrikske soldatar erobra byen, og morfaren min, han Henry, flykta til Sverige med mål om å melde seg til teneste for norske styrkar. Her kan du lesa Henry sin rapport til arbeidsgjevaren sin NSB om kva han gjorde.

Etter erobringa av Narvik blei dei østerrikske styrkene åteke av fem norske bataljonar med støtte av polske, engelske og franske styrkar. Etter 50 dagar blei Narvik gjenerobra den 28. mai. Dette var Hitler-Tyskland sitt første tap i 2. verdskrig. Store tap på begge sider, også sivile.

I heile denne perioden var altså mormora mi Jonette aleina med mamma og brødrene hennes medan dei ikkje visste kor Henry var. Etter gjenerobringa kom Henry tilbake til byen frå Sverige og gjekk tilbake til arbeidet for NSB. No gjorde imidlertid dei allierte heilomvending. Tyskland gjekk til åtak på Frankrike, og dei allierte sendte styrkene sine dit, og forlot difor Narvik.
Etter hardt bombardement av tyske fly, blei Narvik igjen okkupert av tyskarane i juni 1940.

Narvik sentrum låg i ruinar etter den tyske bombinga.


7. juni hadde Henry gravd ned verdisakene deira i hagen og evakuerte byen då flyalarmen gjekk.
Her er bilde av huset som Henry bygde berre nokre år før. Bildet blei tatt før krigen. Pila peikar på huset deira.



Familien måtte flykte ut av byen, opp i fjellet og inn i Beisfjord. I mellomtida traff tyske bomber mange mål i Narvik, også huset til mamma sin familie. Huset deira, og mange av nabohusa brant ned til grunnen og alt var tapt.



På bildet over er nabohuset (Stormyrveien 22) nærmast, og rett bortenfor er grunnmuren til huset til Henry (Stormyrveien 24) - ein kan tydeleg sjå splintskader på grunnmuren.

Splintane øydela også nokre av dei flotte tinnfata som far hadde gravd ned i hagen, men dei blei likevel tatt vare på etter krigen som minne om det som gjekk tapt. Eg hugsar eg var veldig fascinert av fata med hol i då eg var liten, og er det framleis. I dag er det søskenbarna mine som har dei.



Huset og alle ting i det var borte, men Henry gjekk etter kvart i gang med å byggja nytt hus på tomta, og dette stod ferdig i 1944. Eg vaks opp på den same tomta i huset som foreldra mine bygde i 1959 inntil det nye huset til Henry.
Slik såg barndomsheimen min og det nye huset til Henry ut i 2010

Heldigvis var det ingen i familien som blei skada i åtaka på Narvik, men alle var ikkje like heldige. Eg vaks opp med ein eldre nabo som vi ungane pleide å gå til og få kjeks og andre godsaker. Søstra hennes var ein av dei som vart drepne av bombesplintar ein av dei forferdelege dagane i 1940.

Til saman blei heile 8500 menneske drept frå april til juni i slaget om Narvik.

La oss ikkje gløyma kvifor, og i eit 2017 der framvoksteren av nazisme og fascisme i Europa og USA er utan sidestykke, må vi prøve å læra av historia og stoppe den utviklinga. Vi må ta inn over oss realitetane i kva krigsflyktningane opplever, og hjelpe dei vi kan.

Om det er vanskeleg å ta inn over seg kva dei som kjem hit har opplevd, kan vi kanskje prøve å samanlikne med kva våre eigne landsmenn har opplevd - for ikkje lenge sidan.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Open og personleg jobbsøknad

Eg klarar ikkje halda kjeft lenger...

Om han pappa, Ernst Lockertsen (1931-2003)