Eg hatar bosskampar

Nerd warning: Gaming relatert post. Dersom du ikkje spelar dataspel som meg, så får du muligens lite ut av dette innlegget.

Eg har spelt dataspel sidan eg var ganske ung. Eg har tidlegare skrive litt om retrospelinga mi. Eg spelar imidlertid som regel mest nyare spel. På Playstation 4. Det har tatt fullstendig over som gaming-plattform for meg.

Men la meg få lov til å fruste over ein ting som nesten alle action-spel har. Bossfights... Bosskampar. Veit ikkje kva eg skal kalle det på norsk.



Uansett: Det foregår slik at ein ofte kjempar seg gjennom ei historie eller brett, eller kapittel i ei historie. Der møter ein gjerne fiendar som blir meir og meir vanskeleg å slå. Det er greit. Men i slutten av kvart kapittel eller brett så skal alle spelutviklarar på daud og liv (sic.) putta inn ein helsikes bossfight. Ein kamp som ein må gjennom for å gå vidare og som er mykje vanskelegare enn resten av kapittelet ein har vore gjennom.



I det siste har eg spelt to spel med bossfights, The Order: 1886 og Farpoint. Og eg er sååå jæsla lei! Eg har spelt nær sagt hundrevis av dataspel med bossfights, men eg vil ikkje meir. Spesielt ikkje når  bossfighten er latterleg vanskeleg og langtekkeleg - og enda verre - når det ikkje er savepoints undervegs.

Farpoint er eit utruleg kult VR-spel med ei litt vag historie, og ekstremt mykje skyting på alien-edderkoppar. Eg synst så langt det er ein grei firer på terningen. Historia er ok, men miljøet er fantastisk. Hadde det ikkje vore VR hadde det nok maks vore ein treer. Kanskje berre ein toer.

Uansett: Eg har kome så langt at eg har vore gjennom eit par kampar som nesten er bossfights, og som var utfordrande men grei å koma gjennom på eit par forsøk. Heilt greit. Eg tålar å tape og prøve igjen. Det er ikkje moro når ein berre surfar gjennom heller, og å vinna ein god bossfight kan sjølvsagt løfta spelet og gje mestringskjensle.



Men - no er eg kome til ein bossfight mot dronningedderkoppen i Farpoint. Ho er svææær (jævlig kult å sjå i VR) - og ho har ein haug med mellomstore edderkoppar som også går til åtak.
Eg har prøvd 10-15 gonger og har enda ikkje klart å slå henne. Og eg er sååååå lei. Eg har vore nære på to gonger, men klarte det akkurat ikkje, og då må eg starte heilt på nytt, og eg orkar det ganske enkelt ikkje meir.

Enkelte spel lar deg faktisk skippe ein bossfight, og ein kan setja ned vanskegraden på dei fleste spel, men det siste er jo ikkje greit for gjennomføringa av resten av spelet. Det er jo ikkje moro når dei vanlege kampane blir for lett.

Så la oss skippe! Eller setja ned vanskegraden for berre den eine kampen. - Eller er det verkeleg naudsynt å ha bossfights i ALLE spel?



Eg hugsar ein bossfight i Uncharted 3 (trur eg). Eg måtte ha 20-30 forsøk og eg ga nesten opp å fullføre pga den. Det hadde jo vore ille!
Blir eit spel for keisamt så orkar eg faktisk ikkje fullføre. T.d. God Of War III - flott spel. Eg elska I og II, men III blei faktisk for langt. Eg fullførte ikkje. Også pga endelause bossfights.



Er eg den einaste som kjenner det slik? Er det fordi eg er gamal? Er det fordi eg har spelt for mange spel? Det må vel ikkje vera bossfighter i alle spel?

Kommentarer

  1. Det er den samme frustrasjonen som gjør at deg ikke tar i demon souls serien med en 5m lang pinne en gang.

    Hilsen Thomas (Nandjin)

    SvarSlett
  2. Haha, true. Nok er nok. Det finnes nok andre spel!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Open og personleg jobbsøknad

Eg klarar ikkje halda kjeft lenger...

Om han pappa, Ernst Lockertsen (1931-2003)