Nattasong for ungane

I 11 år har eg sunge dagleg at eg er full... Saman med månen. 😆
Mi eldste dotter Tale som akkurat har fylt 11 år var berre eit par dagar gamal då eg byrja syngja Dumdum Boys sin fantastiske sang "Stort Og Svart" for henne som nattasang. Fram til lillesøster Eira blei fødd var det mi oppgåve annan kvar kveld sidan vi bytta på å leggja henne.

Det var ingen grunn til å byta song då Eira kom til verda, så då ho vart fødd song eg den kvar kveld i mange år. Annankvar kveld, annankvar unge. Eg trudde eg skulle "sleppe unna" å syngja for eldstejenta lenge før eg faktisk slutta, men ho ville ha den rutina utruleg lenge. Heilt til ho var nesten 10. Det var også like før eg slutta at ho la merke til at eg syng om å vera full.... "Hmm, pappa, hva er det egentlig du synger? Full?"

Seksåringen syng eg framleis for annan kvar kveld. Det er fast rutine, og rutine tyder tryggleik i kvardagen, og tryggleik når ein skal sova er kjempeviktig.

Det har vore intensjonen min i mange år å spela inn låta i studioet mitt.

Alt var i grunnen nesten ferdig då eg blei sjuk og all kreativitet fraus og motivasjon og interesse blei borte over natta. I over eitt år rørte eg verken instrument, kamera eller redigeringsutstyr!
Men no - no har eg endeleg gjort den ferdig.

Eg trur tanken blei skapt då minsta kom til verda, men det tok faktisk fleire år å bli ferdig. Sjølve innspelinga var ferdig i 2015 og eg byrja så smått å jobbe med opptak til videoen ei god stund før det att, men alt blei hengande i lause lufta då det blei slutt på lyst og motivasjon.

Eg har gjort dette for å gje jentene mine eit varig minne om meg - også når eg er borte. Kanskje får eg barnebarn som høyrar dette ein gong? Oldebarn? Det hadde vore fantastisk!

No er den i alle fall gjeve ut i Kustus-versjon. Så får tida visa om det er noko dei sett pris på!

Håpar du også likar versjonen min! Del gjerne om du gjer det!




Du finn også sangen på Spotify, Soundcloud, iTunes etc. 

Kommentarer