Laserpistolskyttarlauget

Då Star Wars Battlefront kom ut til PS4 i november 2015, var eg rimeleg gira. Eg er jo ein ivrig gamer og har nesten utelukkande gått over til å spela dataspel på PS4. Eg var i starten ikkje kjempeimponert over spelet, men DICE gjorde nokre grep over dei første par-tre månadene som gjorde at eg byrja å lika det svært godt.

Etter ei lita stund byrja eg også å bruka gruppe-systemet i Playstation og via Facebook fann eg etterkvart ein liten gjeng med likesinna Star Wars-nerds som eg spelte med jamnleg. I løpet av 2016 utvikla det seg til ein fast gjeng med 9 gutar frå 33 til 47 som mellom anna har det til felles at vi elskar Star Wars og å skyte rebels. Dei fleste av oss er også fedre til små og/eller større ungar.

Vi oppretta tidleg ein Facebookchat for å avtale speling og å dele skrytebilda av statistikk og lufte frustrasjonar over tap, men dette har blitt større enn nokon av oss trudde, trur eg. Vi har plass og rom til å lufta glede og frustrasjon over det aller meste, og vi har utvikla ein fantastisk intern humor som ikkje overraskande er prega av at vi er 9 menn...


Men eg er så imponert over at sjølv om vi til tider har ein seksualisert og grov humor, så er det ikkje utan respekt for kvinner, som eg har sett i ein del andre fora der menn regjerer aleina. Det er heller ikkje utprega machohumor som gjer narr av "svake", og heller ikkje disrespekt for homofile. Tvert i mot, vi kan tulle utruleg mykje med homoerotikk der vi ikkje har nokre skruplar med å framstå som homofile sjølv, og har bra sjølvironi på at vi trass alt er ein gjeng med gutar. 

Det er i det heile tatt ein utruleg bra gjeng med mannfolk, som til tross for ulike livssituasjonar, stort spenn i jobb og inntekt, har funne ein syklubb (syk-klubb) der vi kan ha det moro saman og få avbrekk i kvardagen over felles interesser i ein kvardag der vi ikkje berre kan stikke ut av huset om kveldane pga ansvaret heime.

Utviklinga av dette felleskapet skjedde for min eigen del i løpet av eit 2016 der eg har vore meir eller mindre sjukmeldt heile tida pga depresjon/utbrenthet og hatt eit veldig lite sosialt miljø og trukke meg unna. Det sosiale fellesskapet har dermed betydd ekstra mykje for meg, fordi det i lange periodar har vore den einaste sosiale kontakten eg har hatt ut over det eg har med ungane. 

Eg har ikkje ein gjeng med kompisar  i nærområdet som eg kan stikke ut med. Eg har ikkje ein arbeidsplass med kolleger, og eg spelar ikkje lenger i band eller trener i ein karateklubb. Alle mine vanlege sosiale arenaer blei borte, og då blei Laserpistolskyttarlauget uforvarande veldig viktig!

Vi har sjølvsagt også laga eigen logo, eigne t-skjorter, og eg har til og med laga ein tribute sang!





Eg har inntrykk av at alle er både stolte av, og takknemlege for å tilhøyra denne klikken. Etter nesten halvanna år ser vi alle fram til Game Night på torsdagskveldane. Då er det vi møtast fast, men vi møtast også fleire av dei andre kveldane i veka, avhengig av kven som kan stille. Det er som regel alltid nokon å spela med om vi har lyst. Vi spelar også 98% av tida Battlefront, men det hender at nokre av oss spelar andre spel saman. Battlefield 1, Titanfall, EVE: Valkyrie og ulike racingspel.

I vår hadde vi også eit fantastisk treff i Oslo heime hos ein av dei som er med, der vi samla sju av ni til grilling, øl, leikar og moro. 



No har vi sett traileren til Battlefront II som kjem i november og vi er alle like gira og klare for nye veker, månader og år med speling i lag!


Kommentarer

  1. Fantastisk lesning og høring! Er ikke Star Wars nerd eller gamer, bare nerd, men skal prøve! Pow Pow! :D

    SvarSlett

Legg inn en kommentar