Eg klarar ikkje halda kjeft lenger...

Dei siste tre åra har vore kjipe. Alvorleg kjipe. Då eg blei sjukmeldt pga depresjon/utbrenthet i januar 2016 døydde samstundes all kreativitet. Foto, video, musikk. Alt vart uinteressant. Før det kunne eg i det minste plukke opp ein gitar og klimpre på Wish You Were Here eller Hotel California og kjenne at eg levde. Men i januar 2016 tok det ganske enkelt slutt. Det kunne ikkje falle meg inn å gjera noko av det som ga meg så mykje glede og energi før. 



Dette varte i heile 2016, og det var først då 2017 kom at det byrja å løsne. Det starta på ein merkeleg måte, for ein kompis som er ein svært talentfull sanger hadde byrja å synge karaoke online på Smule Sing - ein app der ein kan syngja aleina eller joine/lage duettar/gruppesongar.

Eg joina først berre på tull for å spela inn ein julesang saman med den nemnte kompisen, men etter ei stund fatta det interessa mi så smått.

Her er ein av dei første vi gjorde saman:

Eg har aldri vore nokon vokalist, og eg har ikkje nokon særleg god stemme.   Eg har forsåvidt sunge heile livet, sidan eg byrja i Narvik Guttekor som unge. Det var ein tradisjon i familien, då både bestefaren min og onklane mine på morssida var aktive både som gute- og mannssangarar i Narvik Guttekor og Narvik Mannskor.

Då eg som fjerdeklassing byrja å drøyme om å bli rockestjerne og lærte meg å spela gitar, vart jo også synging naudsynt. Eg spelte gitar og sang Beatleslåtar på klasseavslutning i både femte og sjette klasse, men då eg byrja å spela i band i sjuende la eg stort sett sangen på hylla. Det einaste eg hugsar er at vi spelte ein coverversjon av "Madness - Our House" som eg var vokalist på. Eg har i grunnen aldri hatt sjølvtillit eller ambisjonar til å hevda mine eigne evner som vokalist. 

Eg spelte i band resten av tenåra til eg flytta til Oslo, og byrja spela i band igjen i 1996. Då var det naturleg å kore, men det var det. Eg spelte i ulike band fram til 2004, då det siste bandprosjektet gjekk til helsike og eg konsentrerte meg om andre interesser. 

I 2009 starta eg opp att med musikk. Eg fekk heimestudioet i gang igjen, og eg og min ven Tord byrja å lage musikk saman. Tord er vokalist og det var meininga at han skulle handtere mikrofonen på alt vi skulle gje ut som Kustus, men det blei ikkje heilt slik.  Vi ga ut låtar i 2011 og 2012. Ei låt som eg sang og ei som han sang

I 2012 flytta eg så til Stathelle og blei aleina i studioet mitt i annekset over garasjen. Der jobbar eg i hovudsak med instrumental musikk. Synging og tekstar har aldri vore mi sterke side. 

Mange låtar ligg på harddisken. Nokre med sang, dei fleste ikkje. Heilt aleina har eg ikkje hatt verken sjølvtillit eller pågangsmot til å gjera ting ferdig. Eg er ikkje bra nok, føler eg. 

Heime har eg opp gjennom tida periodevis sunge og spelt saman med Tone. Spesielt i 2013/2014 fram mot bryllupet vårt var vi flinke til å øve inn låtar, og vi spelte og sang tostemt som berre det. I bryllupet vårt spelte vi til og med sjølv, og hamna i avisa pga det.  Det ga ein boost, men ikkje nok. Eg gjekk på ein smell rett etterpå, med hjartesjukdom, beinbrudd og stress på jobben, og Tone hadde sine ting å slite med. Musikken hamna i bakleksa igjen i forholdet vårt. 

Eg ga ut "2009" med Kustus i 2015. Ei instrumentallåt som var påbyrja allereie i 2009, og som eg og Tord laga saman. Den var i grunnen stort sett ferdig då, men eg bestemte meg for å gjera ferdig. Eg gjorde ein skikkeleg miks og fekk den mastra. Den blei gjeve ut digitalt, og stort sett ignorert av alle eg kjenner, hehe.


2016 kom og knuste all kreativitet og sjølvtillit. Så er vi tilbake i 2017... 

Eg byrja å synge på Smule. Karaoke. Meg. Kven skulle trudd? Eg åt kamelar og fordommar til frukost og nøyt det. 

Eg joina andre, og laga eigne duettar. Eg fekk følgjarar! Eg fekk skryt! Det var også mange, mange som var heilt håplaust mykje dårlegare enn meg, til og med! Men dei syng likevel! Det betydde at eg også kunne gjera det! Og det byrja å hjelpe - på sjølvtilliten, på stressmestring, på sjølvbildet. Å syngja gjev kontakt med noko i kjerna på ein sjølv. Eg kan ikkje forklare det, men alle som syng kan truleg føle det og kjenne seg igjen i det eg skriv. 


Kreativiteten kom sakte tilbake. I alle fall musikalsk.  Eg byrja å jobbe litt i studio igjen. Tok fram nokre gamle prosjekt som eg likte godt og bestemte meg for å gje det ut. Sendte utkast til vener som eg stolar på og fekk tilbakemelding. I mai ga eg så ut Standing In The Rain og Stort Og Svart. Begge med tilhøyrande musikkvideoar. Sjølvtilliten er ikkje på maks, så det er vanskeleg å promotere seg sjølv, så det er nok dessverre relativt få som har fått dette med seg.

Synginga på Smule har også (sjølvsagt) gjeve den effekten at eg har blitt ein betre sanger. Stemmebandet er ein muskel. Den må trenast og stemmast. Eg kan tydeleg høyra forskjell på det eg gjer no og det eg gjorde for eit halvt år sidan. Eg gjev også litt meir faen, og utfordrar meg sjølv med både jazz, soul og country. Det er fordelen med å vera så gamal som eg er. Eg gjev meir faen i kva eg trur andre faktisk vil synast, og utviklar meg sjølv i prosessen!


Det er også eit medmenneskeleg aspekt som eg ikkje hadde forutsett. Å synge saman med andre er godt. Ei felles musikkoppleving av den same fine låta. Sjølv om nokon har sunge låta først, og ein legg sin del oppå den andre, så er det ei flott kjensle av å skape noko saman. Ein kjem i kontakt med folk frå heile planeten ved hjelp av favorittsongane sine.

Viktigst av alt: Det er moro



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Open og personleg jobbsøknad

Om han pappa, Ernst Lockertsen (1931-2003)