Innlegg

Viser innlegg fra 2017

Eg hatar bosskampar

Bilde
Nerd warning: Gaming relatert post. Dersom du ikkje spelar dataspel som meg, så får du muligens lite ut av dette innlegget.

Eg har spelt dataspel sidan eg var ganske ung. Eg har tidlegare skrive litt om retrospelinga mi. Eg spelar imidlertid som regel mest nyare spel. På Playstation 4. Det har tatt fullstendig over som gaming-plattform for meg.

Men la meg få lov til å fruste over ein ting som nesten alle action-spel har. Bossfights... Bosskampar. Veit ikkje kva eg skal kalle det på norsk.



Uansett: Det foregår slik at ein ofte kjempar seg gjennom ei historie eller brett, eller kapittel i ei historie. Der møter ein gjerne fiendar som blir meir og meir vanskeleg å slå. Det er greit. Men i slutten av kvart kapittel eller brett så skal alle spelutviklarar på daud og liv (sic.) putta inn ein helsikes bossfight. Ein kamp som ein må gjennom for å gå vidare og som er mykje vanskelegare enn resten av kapittelet ein har vore gjennom.



I det siste har eg spelt to spel med bossfights, The Order: 18…

Eg er sjalu

Bilde
Eg er sjalu. Dvs eg er ikkje så veldig sjalu, men ganske sjalu. Eg er i alle fall misunneleg.  Ikkje på kona mi, heldigvis. Eg høyrer om folk som slit hardt med sjalusi i forholdet, men slik har vi heldigvis aldri hatt det heime. Eg har heller ikkje opplevd å vera saman med nokon som er sjalu før.

Men eg er misunneleg på alle som kan gjera det dei har lyst til, og leva av det.  T.d. musikk. Tenk å kunne leva av å spela musikk? Fortrinnsvis sin eigen? Tenk dei som lagar musikk som streamast tusenvis av gonger om dagen? Som lagar ein song som mange vil la bli spelt i si eiga gravferd! Som kan få folk til å gråte eller bli glad! Som kan fylle konsertsal etter konsertsal med publikum som lengtar etter å høyra DEG spela og synge!?
Tenk å lage dataspel? Tenk å lage Star Wars-spel i DICE eller Criterion? Eg ser jobbar bli utlyst hos DICE som utviklar favorittspelet mitt; Star Wars Battlefront. Jobben består til dømes i å sitja å finne på gode idear til korleis spelet skal funke og heltane m…

Om han pappa, Ernst Lockertsen (1931-2003)

Bilde
Eg har tidlegare skrive eit innlegg med historia til ho mamma. Det låg sjølvsagt i korta at han pappa også skulle få nokre ord om seg her i bloggen, men det har tatt litt tid å bli ferdig...



Pappa blei født 27. september 1931 som nest yngst i ein ungeflokk med 6 gutar og døypt Ernst. Han vaks opp i eit hus som blei bygd av faren hans Wilfred Rinaldor Marinius på tomta til bestefaren, Anton Lauritz. Det låg på Gamnes i Karlsøy kommune i Troms. 


Wilfred var fiskar med eiga skøyte og var mykje borte. Heime var det mor Nanna Petrea som var sjef. Ein kan tenkja seg at ho må ha vore ei myndig dame som var så mykje aleina med 6 søner med ganske stort aldersspenn. Eldste bror Arnold var 16 år eldre enn Ernst. 
Det var eit nøysamt liv som unge, men han fekk god skulegang, og var flink og spesielt glad i matematikk og historie. I grunnskulen var det nynorsk som var hovudmål på den tida. 
Som tenåring var han på fiske, som det sikkert var forventa av han, og han fekk mellom anna  hyre på ein båt…

Open og personleg jobbsøknad

Bilde
No har eg gått arbeidsledig i fem månader, og eg kan avsløre med ein gong: naving er ekstremt oppskrytt. Det er berre så vidt det går rundt, og er øydeleggjande for sjølvtillit og motivasjon.

Eg har runda 47 år og har vore i arbeid nesten uavbrutt sidan eg gjekk ut av ålmennfagleg vgs i 1989. Eg flytta til Oslo som engasjert og gira målmann og jobba først på kontoret til Norsk Målungdom eit par år der eg var redaktør i medlemsbladet, laga flygeblad og laga mellom anna organisasjonens første medlemsdatabase. Lønn blei tatt ut etter behov, og eg tok strøjobbar ved sidan av for å betale husleige.

Slik kan ein imidlertid ikkje leva i all æva, så i 1991 søkte eg på jobb i Markedsdistribusjon AS der eg skulle jobbe med å handtere databasar for abonnentar. Imidlertid blei satsinga på eigen programvare i firmaet lagt ned og eg blei satt til andre oppgåver i distribusjonen og i trykkeriet vi delte lokaler med. Hamna for det meste i produksjon og transport etter kvart, inntil eg blei sagt opp p…

Eg klarar ikkje halda kjeft lenger...

Bilde
Dei siste tre åra har vore kjipe. Alvorleg kjipe. Då eg blei sjukmeldt pga depresjon/utbrenthet i januar 2016 døydde samstundes all kreativitet. Foto, video, musikk. Alt vart uinteressant. Før det kunne eg i det minste plukke opp ein gitar og klimpre på Wish You Were Here eller Hotel California og kjenne at eg levde. Men i januar 2016 tok det ganske enkelt slutt. Det kunne ikkje falle meg inn å gjera noko av det som ga meg så mykje glede og energi før. 


Dette varte i heile 2016, og det var først då 2017 kom at det byrja å løsne. Det starta på ein merkeleg måte, for ein kompis som er ein svært talentfull sanger hadde byrja å synge karaoke online på Smule Sing - ein app der ein kan syngja aleina eller joine/lage duettar/gruppesongar.

Eg joina først berre på tull for å spela inn ein julesang saman med den nemnte kompisen, men etter ei stund fatta det interessa mi så smått.

Her er ein av dei første vi gjorde saman:

Eg har aldri vore nokon vokalist, og eg har ikkje nokon særleg god stemme…

Laserpistolskyttarlauget

Bilde
Då Star Wars Battlefront kom ut til PS4 i november 2015, var eg rimeleg gira. Eg er jo ein ivrig gamer og har nesten utelukkande gått over til å spela dataspel på PS4. Eg var i starten ikkje kjempeimponert over spelet, men DICE gjorde nokre grep over dei første par-tre månadene som gjorde at eg byrja å lika det svært godt.

Etter ei lita stund byrja eg også å bruka gruppe-systemet i Playstation og via Facebook fann eg etterkvart ein liten gjeng med likesinna Star Wars-nerds som eg spelte med jamnleg. I løpet av 2016 utvikla det seg til ein fast gjeng med 9 gutar frå 33 til 47 som mellom anna har det til felles at vi elskar Star Wars og å skyte rebels. Dei fleste av oss er også fedre til små og/eller større ungar.
Vi oppretta tidleg ein Facebookchat for å avtale speling og å dele skrytebilda av statistikk og lufte frustrasjonar over tap, men dette har blitt større enn nokon av oss trudde, trur eg. Vi har plass og rom til å lufta glede og frustrasjon over det aller meste, og vi har utvi…

Nattasong for ungane

Bilde
I 11 år har eg sunge dagleg at eg er full... Saman med månen. 😆 Mi eldste dotter Tale som akkurat har fylt 11 år var berre eit par dagar gamal då eg byrja syngja Dumdum Boys sin fantastiske sang "Stort Og Svart" for henne som nattasang. Fram til lillesøster Eira blei fødd var det mi oppgåve annan kvar kveld sidan vi bytta på å leggja henne.

Det var ingen grunn til å byta song då Eira kom til verda, så då ho vart fødd song eg den kvar kveld i mange år. Annankvar kveld, annankvar unge. Eg trudde eg skulle "sleppe unna" å syngja for eldstejenta lenge før eg faktisk slutta, men ho ville ha den rutina utruleg lenge. Heilt til ho var nesten 10. Det var også like før eg slutta at ho la merke til at eg syng om å vera full.... "Hmm, pappa, hva er det egentlig du synger? Full?"

Seksåringen syng eg framleis for annan kvar kveld. Det er fast rutine, og rutine tyder tryggleik i kvardagen, og tryggleik når ein skal sova er kjempeviktig.

Det har vore intensjonen min …