Ein rommann på Kiwi

I dag opplevde eg noko som eg har lyst til å fortelja om - ikkje fordi eg er overraska, eller at det er noko spesielt med det som skjedde, men fordi det fortel noko om ei menneskegruppe som får mykje pepper og hat.

Det var fredag ettermiddag, eg hadde henta minsta på SFO, og på veg heim var vi innom den lokale Kiwibutikken for å få med oss det vi trengte til fredagstacoen, og litt fredagssnacks. Utanfor inngangen sat som vanleg ein mann i femtiåra. Han har sittet der i fleire veker med ein pappkopp, og eg antar at han er av romfolk eller ein vanleg mann frå Romania som har kome til Noreg for å tigge og overleve.



Eg har aldri gjeve han nokre pengar - ein av grunnane er at eg uhyre sjeldan har nokre pengar på meg, og definitivt ikkje småpengar. Eg er vel heller ikkje tilhengjar av tiggarkulturen, sjølv om eg vil forsvara retten deira til å tigge. Eg bidrar ikkje til kulturen, men det har hendt eg har gjeve andre tiggarar noko å eta frå handleposen min. Sidan han sit der dag etter dag reknar eg likevel med at det er nok å hente til at det er verdt det.
Eg har altså aldri gjeve mannen på Kiwi  nokre pengar, men er no likevel alltid høfleg og smilar og seier hei, og han smilar alltid tilbake og seier hei.

Denne fredags ettermiddagen er det rimeleg kaotisk på parkeringsplassen utanfor butikken. Det står to bussar med ungar som skal på handballcup der, og det er mange som skal gjera helgehandelen. Etter at eg har kome ut med handleposane og putta i bilen, startar eg opp og skal til å køyra vekk. Då ser eg at mannen kjem gåande med ei handlevagn. Eg har før lagt merke til at han nokre gonger hentar handlevogner som vi lokale ikkje gidd å trille tilbake til butikken, men berre lar stå der vi tømte den. Kanskje gjev det han eit glimt av nytteverdi? Kanskje får han litt av utgåtte varer frå Kiwi for innsatsen? Kva veit eg?

Det kjem ei solbrilleblondine i førtiåra gåande andre vegen, og så plutseleg legg eg merke til at han gestikulerer til dama og peikar eit stykke bort i retninga ho kom frå. Eg ser ho ser han, men ho snur demonstrativt hodet vekk og strenar mot bilen sin. Ho trudde vel at han skulle be om pengar.
Han ser at han ikkje får respons, men løper bort til det han såg på bakken nærmare inngangen til Kiwi, plukkar det opp og løper bort til bilen hennes.

Då ser eg kva han fann. Lommeboka mi.
Den er umiskjenneleg, og eg treng ikkje putte handa i lomma for å kjenne at den er vekk. Eg gjekk der eit minutt i førevegen, og mista ho på bakken utan å merke det.

Eg opna bildøra og løp bort til han og peika på meg sjølv slik at han skjønte at det var mi lommebok. Han berre smilte. Eg hadde heldigvis ein hundrings i lommeboka, og eg plukka den fram og ga han den og tok han i handa og sa thank you. 100 kroner er lite i finnarlønn når ein mistar alt av bankkort, kredittkort, førarkort og meir!

Minsta satt i bilen, og eg måtte tilbake til henne, så vi køyrde heim og laga taco med jentene mine og blei god og mett og tankefull i den fine stua mi. Eg går ut frå at mannen sat med koppen sin enda utanfor Kiwi.

Det er så mykje hat mot romfolk, rumenere og tiggarar, spesielt i kommentarfelta til lokalavisene, og på Facebook at eg blir matt...
Det haglar med meir eller mindre sannferdige anekdotar om romfolk som plagar folk utanfor kjøpesenter og sit med Rolexklokke og tigg. Eg har aldri sett noko slikt, verken her i Grenland, eller i løpet av mine 23 år i Oslo, og sjølv om det sjølvsagt finst kjeltringar blant romfolka som kjem hit, er det ingen tvil om at dei fleste av dei som kjem hit er her fordi dei må, ikkje fordi dei har lyst, og det er ærlege folk som berre ynskjer eit betre liv for seg sjølv og sine nærmaste. Eller ganske enkelt å overleva.

Eg håpar denne vesle anekdoten min kan demme opp litt for all dritten som kjem den andre vegen. Respekt for enkeltmennesket er det minste vi kan stille opp med i møte med fattigdom og tiggarkultur!

Kommentarer