Star Wars og meg

I skrivande stund er det berre eit par dagar til premiera på Star Wars - The Force Awakens. Eg veit ingenting om korleis filmen er, men gler meg som ein unge - og håpar den er bra.

Eg gler meg som ein unge - nærmast bokstaveleg talt...

1977 

Star Wars (ANH) kom ut i USA var eg sju år. Eg hugsar ikkje korleis eg lærte om det, men eg var fullstendig hekta frå første stund. Då filmen kom til Ankeret kino i Narvik på nyåret i 1978 (Den hadde premiere 2. juledag 1977 i Noreg) kan eg hugsa at eg stod fjetra framfor plakaten som hang i ein monter utanfor kinoen.
Slukøra såg eg på den vesle papirlappen der det var trykt "12 år". Eg var nesten 8. Det fanst ikkje sjans i havet for at eg ville få sjå filmen på kino.

Eg var aktiv kinogjenger. Fem-kinoen var eit begrep i Narvik. Då gjekk det nye og gamle filmar for barn. Johnny Weissmüller som Tarzan og Lyn Gordon i sort-kvitt. Dei blei sendt om igjen og om igjen, og vi gjekk og såg dei. Fem kroner kosta billetten. Vi fekk med ein tikroneseddel og kjøpte billett, og 10 "klubber" - eller kjærligheter som det heiter sørpå. Eventuelt ein pose med bringebærdrops. Dei blei sugd på til vi blødde i ganen, og papirpinnen til klubba gjekk i oppløsning.

Kva kunne så ein gryande fan gjera med si nyfunne Star Wars-interesse?
Ingenting.
Ikkje kunne eg laste ned filmen frå Pirate Bay, ikkje kunne eg vente til den kom på Blu-ray eller ein gong VHS. Eg hadde vel omtrent berre høyrd om at det fanst noko som heitte video. Det var endra fire år til eg fekk sjå den første filmen på video. (Det var Scanners, og er ei heilt anna historie)

Men jo! Eg fann råd! Eg fekk tak i boka! Stjernekrigen! Ein paperback i kiosklitteraturkvalitet - kanskje kjøpt på Domus - det lokale samvirkelaget. Den såg akkurat ut som på bildet til høgre, men har dessverre gått tapt sidan då.

Eg blei altså superfan av Star Wars og kjente historia ut og inn - lenge før eg fekk sett filmen!

Det kom også heldigvis teikneseriar. Først hefter. Dei første eg eigde var gjeve ut i etterkant av at The Empire Strikes Back (ESB) kom i 1980.




Og den fekk eg sett på kino! Eg veit ikkje korleis, eller kven som tok meg med, for eg måtte jo ha ein vaksen med meg på ein 12årsfilm. Kanskje var det pappa? Ikkje veit eg kven av venene mine eg var der saman med heller. Eg hugsar heller ikkje så mykje av den opplevinga av ein eller annan grunn. Eg er heller ikkje sikker på om eg faktisk hadde fått sett ANH då, for eg hadde jo enda ikkje sett ein videofilm!

Eg vil imidlertid tru at den første hadde blitt satt opp på kinoen før ESB kom, og at eg hadde fått sett den då.

I 1984 kom så siste kapittel i den første trilogien, og med den kan eg hugsa den vanvittige wow-faktoren eg følte på kino, og den fantastiske kjensla eg hadde då eg sprang ut av kinoen. Eg trur eg såg den tre gonger på kino før den blei tatt av plakaten. Dette var trass alt ei tid då det ikkje kosta skjorta å gå på kino.

Eg heiv meg for øvrig ikkje over litteraturen om Expanded Universe - det som no kallast Star Wars Legends som byrja å koma nesten med ein gong. Eg fekk berre med meg teikneseriane og filmane.

Eg har enda tre hefte gjeve ut på starten av 80-talet, og nokre få av teikneseriane som kom ut i 1983-1984. Dei er ikkje i god stand, men lest ivrig mange, mange gonger!



Mange Star Wars-fans har ein stor greie med å samle på Star Wars-leiketøy, men det har eg ikkje vore så interessert i. Kanskje fordi eg vaks opp i ei tid då det ikkje fanst så mykje, og/eller at eg ikkje hadde så mykje pengar og neppe fekk så mykje slikt leiketøy av foreldra mine.

I 1984 sendte NRK ANH på TV, og eg hugsar var fullstendig lamslått av at det gjekk an at ein så kul film kunne bli sendt på TV! På NRK!

Då filmane etter kvart kom på video blei dei leigd saman med ein moviebox med jamne mellomrom gjennom heile 80-talet, og i 1989 flytta eg til Oslo og blei "vaksen".

Interessa mi for Star Wars var alltid der, men eg hadde ikkje noko miljø av likesinna fans. Det var film av alle moglege slag, og musikk som var den store interessa. Så gjekk åra, og ryktet kom om at George Lucas endeleg skulle lage episode I-III. For ei glede! Eg byrja å glede meg, og som i dag, leste eg alt eg kom over av informasjon om dei nye, såg dei gamle filmane på nytt, og førebudde meg maksimalt.

Eg har hatt heimedatamaskin sidan 1983, og har spelt dataspel sidan då. Eg byrja å jobbe med PC i 1989 då eg flytta til Oslo, og fekk meg ein PC heime i 1991. Det var imidlertid ikkje før i 1996 at det tok av for min del - då eg fekk meg ny PC og eg kjøpte Star Wars: Tie Fighter og ein joystick.

DET var som å opna ei heilt ny verd! Eg vart fullstendig oppslukt i denne spacesimulatoren og brukte timar på timar på å fly stadig vanskelegare oppdrag, og snart byrja ryktet gå om ein oppfylgjar: X-wing vs Tiefighter - ein spacesim med multiplayer over internett!

Eg gleda meg som ein unge, og då spelet endeleg kom ut i 1997 tok eg meg ein tredagers og lukka meg fullstendig inne. Frå då av og i alle fall tre år framover brukte eg vanvittig mykje tid på å spela dette fantastiske spelet som var vanskeleg å mestre, men utruleg utfordrande og spennande, og med 33.6-modem var det fantastiske opplevingar med likesinna som eg traff på Microsoft Gaming Zone som var plattformen ein kunne starte spel på i den tida. Lagging var definitivt ein faktor når vi hadde 33.6-modem, og dette spelet var ei av hovedårsakene til at eg oppgraderte til ISDN-linje - og i 2000 til ADSL!

No hadde eg eit miljø i det minste - folk som eg heldt kontakt med på ICQ - folk frå USA og UK, men ingen nordmenn. Eg vart med i Tie Fighter Alliance (TFA), eit community for spelarar som enda eksisterer, og som arrangerer krigar mot andre clans. Ein slik WoW (Weekend Of War) tok gjerne heile helga, og eg sov heller lite...
TFA var organisert i ein militær struktur, og eg vart etter kvart ansvarleg for den europeiske delen. Det vil seia at eg vart Wing Commander for Wing IV. Stasjonert på Imperial Star Destroyer Valkyrie...

Fantastisk artig tid!

http://www.darkjedi.org/history/tfa_19980922.html

Det var også andre spel. Eg brukte timar og timar på t.d. Rebellion, Rogue Squadron, Dark Forces og Jedi Knight-serien, og sjølvsagt X-wing Alliance - den siste av dei seriøse romsimulatorane frå Lucasarts.

Midt i dette kom 1999 og premiere for ny Star Wars-film. The Matrix hadde satt ein vanvittig standard for kva som kunne gjerast med film og visuelle effektar. The Phantom Menace hadde premiere, og eg var der ikkje på premieredagen, men såg filmen på Colosseum ein dag eller to etter. Igjen hugsar eg overhodet ikkje kven eg var der saman med. Det er i alle fall sikkert at det ikkje var nokre likesinna fans.

Eg har dessverre aldri hatt vener som har delt interessa mi for Star Wars. Eg ser på nett at andre har festar med Star Wars-maraton, cosplaying over ein lav sko, reising saman til Star Wars-events rundt om i verda og masse moro. Det har eg aldri fått tatt del i. Dei fleste gongane eg har sett filmane, har eg sett dei aleina! Eg kjenner mange som likar Star Wars, men dei har som regel himla med augene når eg har byrja å prate om korleis det har oppteke meg frå eg var 7 år....

The Phantom Menace var dessverre ein skuffelse i 1999. Eg synst filmen var ok på kino. Det var moro å sjå R2D2 og C3PO igjen, og det var mange fine ting med filmen, men den traff meg ikkje heilt heime, og eg fekk ikkje heilt tak i historia med ein gong - all politikken og alt som skulle byggja opp til Clone Wars var litt vanskeleg å få tak på ved første blikk. Jar Jar var ein merkeleg karakter som eg prøvde å ha eit positivt syn på, men ikkje lukkast med, og Natalie Portman spelte ei stiv og rar hovudrolle som Padme.



Betre blei det ikkje då episode II kom i 2002. Då hadde eg fått ny kjæraste (som heller ikkje er Star Wars-fan). Ho likte den ikkje, og eg synst det var mykje rart i denne også. Anakin spelte stivt og rart, kjærleikshistoria var pinleg, politikken var vanskeleg å få tak på, men det var sjølvsagt moro å vera i SW-universet igjen, og filmen hadde ein del flotte romkampar. Eg følte likevel at det var eit steg tilbake, ikkje eit steg fram, etter episode I, og det var litt kjipt.

Eg hadde difor ingen forventningar til Episode III Revenge Of The Sith, og den var heldigvis den beste av dei tre. Eg var likevel så farga av opplevinga av dei to første at eg ikkje innsåg KOR bra den filmen faktisk er. Eg trur eg lot dei liggja med vilje. Det var ein del år der eg ikkje såg dei gamle heller. Det var også ei tid då eg blei pappa, så fokuset var naturleg nok på noko anna. Det var noko anna å vera 29 og singel...

Eg såg berre Episode I og II på DVD etter at den kom ut, og hadde same opplevinga med filmane då som på kino. Difor hadde eg ikkje sett Episode III sidan den gjekk på kino, og heller ikkje Ep I og II då dei endeleg kom ut på blu-ray. I ny heimekino med 120" lerret ville eg gje filmane ein ny sjanse, og blei ikkje skuffa!

Det var lettare å sjå samanhengen når eg såg alle tre etter kvarandre, Historia blei betre av det, og ikkje minst så kjente eg historia betre no.

Eg irriterte meg framleis litt over den "barnslege" historia i TPM, ein del av dei dårlege CGI-effektane, og den kjipe og pinlege kjærleikshistoria til Padme og Anakin i episode II, men inntrykket var definitivt betre. Eg fann ut at eg faktisk likar filmane, og historia er god og viktig for Star Wars-universet. Revenge Of The Sith er faktisk veldig bra!

Eg gjev filmane fylgjande score no: 

Episode 1: 5/10
Episode 2: 4/10
Episode 3: 7/10
Episode 4: 10/10
Episode 5: 10/10
Episode 6: 10/10

Eg er altså ingen hatar av prequel-trilogien. Eg skulle ynskje den var gjort noko annleis, men no er den no der, og er ein viktig del av det heile.

I dag 

Eg har eit svært synleg og varig bevis på kor mykje eg elskar Star Wars. I 2014 var eg bestemt på å starte på eit tatoveringsprosjekt på venstrearmen min. Eg ville hylle dette universet som har betydd så mykje for meg, og ideen min var å hylle dei som ga livet for imperiet og Darth Vader: pilotane i Tie Fighter- skvadronane.



I november kom det nyaste Star Wars-spelet ut: Battlefront for next-gen konsoll og PC, og eg brukte anledninga til å kjøpa ein PS4 Star Wars Battlefront Special Edition.


Snadder! Og mykje moro med spelet, men det er litt skuffande i høve til kva eg håpa på, på førehand.
Grafikken er heilt hinsides fantastisk! Det er utruleg å vera så deltakande i dei miljøa, men den delen som er klassisk First Person Shooter er litt for arcade for min smak. Det blir veldig hesblesande hopp-og-skyt-stil. Eg likar skytespel, men gjerne helst i storymode, og med krav til litt meir sofistikert taktikk enn berre å skyte fortast mogleg.

Modusen "Fighter Squadron" er imidlertid veldig artig - for ein gamal Tie Fighter-pilot er dette midt i blinken! Det er ikkje ein romsimulator som X-wing vs Tiefighter, det er meir arcade-spel på dette, men likevel veldig moro, og eg spelar foreløpig 80% denne modusen, og håpar på fleire modusar og kart med flyging.

Her er video frå mi andre flyging i denne modusen. Eg har blitt betre sidan...




Fram til 16. desember er det imidlertid berre ein ting som gjeld: 

The Force Awakens! Eg har billettar til den tredje visninga på premieredagen. Eg hadde eigentleg tenkt å vente litt og sjå den i Grenland eller Larvik i jula, men når eg såg at eg mest sannsynleg kom til å vera i Oslo på premieredatoen, og det var billettar igjen, greidde eg ikkje la vera å bestille.

På onsdag klokka 17:30 sit eg dermed klar saman med ein kompis og med fanget fullt av popcorn og håpar at JJ Abrams har gjort ein like bra jobb som han gjorde med Star Trek i si tid. Det har vore ein fantastisk ride så langt sidan det blei klart at det blei ny film. Trailerne har vore perfekte, dei har greidd å halda korta til brystet med tanke på historia, og alt ser unekteleg fantastisk ut!

Eg må innrøma at forventninga er skyhøg, og fallhøgda stor, men eg satsar alt på at det går bra.
Har ikkje noko val!












Kommentarer