Vi har kjøpt oss dromedille!

Det er tre år sidan familien flytta frå Oslo til Stathelle i Telemark. Etter 23 år i Oslo var eg klar for å flytte på meg og verkeleggjera draumen om enebolig med sjøutsikt, og kanskje båt på havet.

Dei første sumarane hadde eg nok anna å gjera i hus og heim, og vi prioriterte ikkje båt. Vi titta ut på fjorden utanfor vindauget og drøymde oss bort i dyre båtar, men gjorde ikkje noko med det.

I fjor var eg imidlertid med ein kompis som hadde kjøpt seg ein 10-fots alubåt med fem hestar påhengsmotor, og då skjønte eg at det var tullete å ikkje ha båt. Det er betre med 10 fot og å koma seg utpå enn å ikkje koma seg utpå i det heile tatt!!

Draumen om ein båt til hundretusen får vente. Vi stila i staden ned og byrja i vår å sjå etter gamle båtar. Det finst mange gode båtar der ute som ikkje ser ut som all verda, men som flyt og har fasilitetane ein treng. Eg registrerte ein Finn-agent og har sjekka alt av båtar i vår prisklasse som har dukka dei siste par månadene. Vi hadde fylgjande krav:

  • 15-17 fot
  • Daycruiser/landstedsbåt/skjærgårdsjeep
  • 25-60 HK. 


Denne veka dukka det plutseleg opp ein båt i nabolaget som passa skildringa rimeleg bra, og sidan det var i nærleiken måtte eg ta ein tur og titte på den. Og trur du ikkje eg blei litt forelska?

Båten er ein 1986-modell KMV With Dromedille 1700 HT. Nesten 30 år gamal. Fine former, praktisk overbygg, men ein del ganske store skjønnhetsfeil. - Men ingenting vi ikkje enten kan fikse, eller leva med! Motoren, ein 88-modell Evinrude 50HK  var det problemer med før den  blei lagt i opplag i fjor, så den er tvilsam, så båten blei solgt som båt utan motor, men motoren fulgte med.

Dromedille!

Seljar ville ha 20.000. Då eg såg den hadde det allereie kome eit skambod på 13.000. Eg baud 15.000, som han då sa han ville godta om han fekk eit par dagar til på å selja.
Det var greit for meg.

Dagen etter fekk han eit nytt bod på 16.000. Eg baud 17.000 med ein gong. Det var i utgangspunktet grensa eg og fruen var blitt samde om. Så sa han andre 17.500, men også beskjed om at det var siste bod. Jaja, tenkte eg. 1000 kroner er ikkje meir enn ein kan skusle vekk på ein litt kjip tur på byen. Eg satsa den siste tusenlappen med krav om at det i så fall måtte avgjerast der og då. Og dermed blei båten vår!




Så no har vi litt jobb framfor oss. Den må vaskast ned, den må flyttast frå der den står i opplag no og heim til oss. Vi må skaffe båtplass. Vi må bestemme oss om vi vil kjøpa ein båthenger.  Det kan løne seg i forhold til å måtte leige henger, og til opplag. Eg har også lyst til å dra på båttur i nokre av dei store flotte innsjøane vi har i Telemark. og då må vi kunne dra den med oss!


Vi skal også trekke om putene inni, male eller bytte ut panel på sidene, fikse ein skade i gelcoat m.m.
- Og ikkje minst finna ut om motoren er noko å spare på, eller om vi må kjøpa ny. Eg har teknisk innsikt, og ein viss peiling på korleis motorar funkar, men å vurdere/reparere ein gamal motor vil eg ikkje ta på meg... Det er ikkje minst noko med det å kunne stole på at den funkar når vi er på tur i skjærgården. Vi vil nødig padle ein sånn stor båt heim!

Det er vel uansett berre å melda seg inn i Redningsselskapet med ein gong :)



Moro er det! Eg kjenner heilt inn i ryggmargen at dette er riktig og viktig. Eg gler meg verkeleg som ein unge til eg kan leggja utpå, starte opp og suse over vatnflata i eigen båt!

Kommentarer