Tatovering og hjartesjukdom

Eit par dagar etter at eg kom heim frå Feiringklinikken og fått satt inn stent etter å ha få vore 1% frå hjarteinfarkt, tok eg opptelling på alle medisinane eg måtte byrja å ta, og skjønte plutseleg at dei blodfortynnande medisinane mine kunne bli eit problem for tatoveringsplanene mine. Det var ein nedtur!

Tatovering, spør du kanskje? Driv du med slikt? Eg kjente deg før du flytta frå Oslo. Då hadde du ingen tatoveringar!
Nei, det stemmer. Eg hadde ikkje det. Men det betyr ikkje at eg ikkje hadde lyst på!
Eg har sidan tidleg 90-tal hatt planar om tatoveringar, men tok av ulike årsaker ikkje steget inn i nærmaste tatoveringssjappe. 

For det første, tatoveringar kostar pengar. Ganske mange pengar dersom du har lyst til å koma ut av sjappa med noko som ikkje ser ut som at tanta di har gått amok med sprittusj. 

For det andre; det er viktig kva ein dekorerer kroppen sin med. Det bør vera gjennomtenkt. Å gå innom ei tilfeldig tattoosjappe i syden og bla i katalogen for å endre opp med det kinesiske teiknet for oppvaskpulver på korsryggen er sjeldan lurt. 

For det tredje: Tatovøren bør kunne sine saker, og det er ikkje alle som som har peiling på alle typar motiv.   

Eg er (i ettertid) veldig nøgd med at eg kom meg gjennom 90-talet utan ein diger tribal på armen. - Eller kanskje enda verre: Ein liten tribal på armen... :-P

Så fylte eg 40 år utan tusj på armen, og vi flytta frå Oslo til Stathelle. Men då fekk eg endeleg ut fingeren. Rudi, ein kompis her på Stathelle har eit par fine armar som han fyller med alt frå populærkultur til namnet på kona. Det var inspirerande å møte han, og han hadde gode råd om kor ein burde dra og få det gjort. 



Eg fekk dermed bestilt time hos Isso Tattoo i Larvik, og i mars 2013 fekk eg dekorert baksida av begge underarmane mine med namna til ungane. Eg var i gang! Eg hadde store planer om å fortsette, og trengte berre å spare litt pengar først. Så blei det plutseleg lagt store bryllupsplaner, og det vart jo på ingen måte eit billeg bryllup, så sjølv om eg satte til side pengar kvar månad til neste tatovering, så fekk eg meg ikkje til å bruka dei før bryllupet var betalt, Eg visste jo ikkje om det ville slå oss konkurs!

Konkurs blei vi heldigvis ikkje, så sparepengane var intakt, og eg var klar til å gå i gang med neste tattisprosjekt. - Men som kjent - tre dagar etter bryllupet blei eg innlagt på sjukhus med 99% tett kransarterie, og etterpå var usikkerheten stor. 

Eg fann m.a. denne artikkelen som reknast som offisiell tilråding frå Norsk Tattoounion - forbundet for norske tatovørar.  

Går du på blodfortynnende medisiner må du ikke tatovere deg. Tatovering skjer med nål og forårsaker små blødninger. Hvis du bruker blodfortynnende medisiner, vil du blø mer, og dette kan "vaske bort" tatoveringen. De seriøse tatoveringsstudioene opplyser om dette på forhånd, og vil ikke tatovere deg når du bruker disse medisinene. Bli du bedt om å slutte på medisinene for at du skal kunne tatovere deg, må du ikke gjøre det. 

Det var forstemmande lesnad, og eg skreiv dermed det innlegget om å hamne i "den klubben", Men eg ga heldigvis ikkje opp. Eg blei, om mogleg, enda meir gira på fleire tatoveringar!

Først sendte eg ei melding til Isso på Facebook med spørsmål om han tatoverer folk som går på blodfortynnande, men fekk ikkje svar. Eg såg difor på alternative tatovørar også.
I løpet av det siste året har Helene Rygh som er ein kjent og dyktig tatovør flytta frå Oslo og etablert studio i Skien. Eg likar veldig godt arbeidet hennes, og tok kontakt med henne også.



Helene svarte nesten med ein gong, og kunne fortelja at dette var noko ho hadde gjort mange gonger. Ikkje minst hadde det skjedd uforvarande! Det er jo ikkje slik at alle som går på medisinar alltid tenkjer så godt gjennom ting før dei går til tatovør, så det hender rett som det er at tatovøren startar og ser at kunden blør som ein gris, og må spørre om han eller ho går på medisinar...

Uansett er det faktisk slik at det ikkje er noko stort problem. Det største problemet som kan oppstå er eigentleg at ein blør ut ein del av fargen, slik at tattisen blir blass. Då må ein eventuelt gå over ein gong til. Det er ikkje farleg, men vil koste litt meir, og det er jo til å leva med! Hurra!

Eg har ei mappe på PC'en min med ulike idear eg har til tatoveringar, og eg sendte ei av skissene eg har laga i Photoshop til Helene, og fekk bestilt time!

I går dro eg endeleg til første time i lokalet til Extinct Tattoo i Skien sentrum. Eg droppa å ta ein av tablettane mine om morgonen, med håp om at det skulle bli litt mindre blødning. Eg har jo glemt å ta morgonpillane mine eit par gonger og veit at eg ikkje døyr av det, sjølv om eg sjølvsagt helst skal ta dei regelmessig.

Timen min var om ettermiddagen, og då vi kom i gang var det klart at blødning ikkje var noko problem i det heile tatt! Eg kan ikkje seia at eg blødde noko meir enn då eg tok dei to første for halvanna år sidan!



Første session tok 4 timar, og då er vi godt i gang med Star Wars-motivet mitt. Eg har satt opp ny time om to veker og gler meg som ein unge allereie!



Star Wars-motiv?, seier du kanskje. Star Wars? Ja. Eg skal skrive meir om det i eit anna innlegg...

Edit: Her er timelapse av første tattoo-session:



Kommentarer