Hyllest til ho mamma (1932-2000)

Det blir ein del mimreinnlegg i denne bloggen ser eg, og fleire skal det nok bli... No vil eg skriva litt om dei som er skulda for at eg er her på jorda i det heile tatt. Det er både for meg sjølv, for andre i familien, for dei som kjente dei, men også i høgaste grad for ungane mine, som aldri fekk møta besteforeldra på mi side.

Først ut er ho mamma. Ho heitte Brit Lajla Lockertsen mesteparten av livet, men blei født som Brit Lajla Johnsen i Narvik i 1932. Ho var lillesøster i ein familie med to storebrødre, ein far som jobba på jernbanen, og ei mor som var heimeverande, slik det som regel var på den tida. Faren vaks opp på Framnes gard som låg der flyplassen i Narvik ligg no, medan mor hennes vart fødd på Liland, men flytta med familien til Narvik då ho var unge.

Ho mamma var nesten 8 år då Hitler ville ta kontroll på jernmalmen som blei skipa ut frå gruvene i Sverige over havna i Narvik. Tidleg om morgonen 9. april 1940 vakna ho av lyden av kraftige eksplosjonar på havna, berre nokre hundre meter i luftlinje frå senga ho sov i. Der hadde tyske skip senka dei norske krigsskipa Norge og Eidsvold, og vesle Brit Lajla opplevde at 2000 tyske soldatar invaderte byen. Eg kan på ingen måte forestille meg kor skremmande det må ha vore.

Og verre skulle det bli. Kampar mellom allierte og tyske soldatar gjekk hardt føre seg rundt Narvik i april og i mai, og 28. mai gjenerobra allierte styrkar Narvik by.

I junidagane var det fleire tyske flyangrep på byen, og Brit Lajla og familien flykta opp i fjellet og inn til Beisfjord. Bestefaren min gravde ned verdisaker i hagen og fulgte etter. Mens dei var borte blei det 12 år gamle huset deira bomba. Det brant, og dei mista alt. Ein granat traff også hagen der verdisakene låg nedgravd. Besteforeldra mine hadde nokre sølvtallerkner som dei hadde utstilt i ei hylle så lenge dei levde, og som eg hugsar godt frå då eg var liten. Dei var gjennomhola av granatsplintar, og det synet gjorde eit sterkt inntrykk, sjølv på ein liten gut på 6-7 år.

Røyken på dette bildet kan koma frå huset til besteforeldra mine.


Heldigvis blei ingen i familien skada, og livet gjekk sin gang gjennom okkupasjonstida. Mamma gjekk på skule i provisoriske klasserom over heile byen. Skulen var okkupert av tyskerane og gjort om til administrasjonsbygning. Det blei bygd eit nytt hus så snart dei kunne, og det stod ferdig i 1942.

Mamma tok vidare utdaning då ho var ferdig på Narvik Gymnas. Ho gjekk på lærarskulen i Tromsø på byrjinga av 50-talet, og der møtte ho Ernst Lockertsen frå Hansnes i Karlsøy kommune og søt musikk oppsto!

Avgangsklassen til mamma frå Narvik Gymnas. Mamma står framst i sort kåpe



Etter ferdig utdanning i 1954 gifta dei seg og blei foreldra til vesle Tone. Dei flytta til Ørnes(?) der dei hadde sine første lærarstillingar, men etter eitt år eller to fekk dei jobbar i Narvik og flytta inn på kvisten i det gjenoppbygde huset til besteforeldra mine. Der bygde dei så hus på tomta til besteforeldra mine - heilt inntil det som sto der frå før. Det huset sto ferdig i 1959, same året som dotter nummer to kom til verda.

Sidan båe to var i arbeid hadde dei rimeleg god råd. Mens ungane var små hadde dei til og med hushjelp som budde heime hos dei.  Sumaren 1969 var dei på bilferie i sin Ford Cortina på vestlandet med jentene sine, og det var tydelegvis så koseleg at 9 månader etter kom barn nummer tre. Ein liten gut utan hår som dei kalte for Holger. Året var 1970, og mamma var 37 år gamal. Mamma hadde seks veker permisjon før ho starta å jobbe igjen. Pappa hadde ingen permisjon. Eg var hos dagmamma frå eg var bitteliten, mens mamma sprang heim i storefri og fritimar for å amme meg!



Eg vaks så opp på 70- og 80-talet med to snille foreldre som jobba mykje, og som hadde mange hobbyar og verv i ulike organisasjonar.
Då eg byrja på skulen i 1977 hadde ikkje mamma lenger vanleg undervisning, men hadde ansvaret for dei elevane som trengte ekstra oppfølging. Ho hadde eit eige kontor der ho ga spesialundervisning. Eg hugsar mamma satt kveld etter kveld heime og laga eigne læremiddel fordi ho ikkje var nøgd med det som var tilgjengeleg på skulen.

Mamma tok etterutdanning i spesialpedagogikk mens ho jobba, men brant seg ut på 80-talet. Det blei nok for tøft å takle alle ungane med spesielle utfordringar. Mange av dei hadde også utfordringar heime - dvs. det var kanskje heime problemet låg. Mamma bekymra seg alltid for meg - slik alle mammaer gjer - men eg trur nok at ho i tillegg bekymra seg for alle dei andre ungane sine også.
Mamma fekk blødande magesår og måtte fjerne 2/3-delar av magesekken. Ho fekk også eit virus på ei nerve som gjorde at ho blei lam i halve ansiktet.

Ho slutta i grunnskulen og byrja jobbe med opplæring av dei vaksne asylsøkjarane i staden. Og med den nye utfordringa blomstra ho verkeleg opp. Frå å jobbe med utfordrande ungar som absolutt ikkje ville vera på skulen til å jobbe med takknemlege, vaksne, motiverte folk var det ein stor overgang. Men ho bekymra seg også for dei nye elevane sine. Dei kom frå alle kantar av verda, og ho blei god ven med alle og ein morsfigur for fleire. Ho inviterte dei med heim i stua si alle som ein, og ho blei invitert til dei. Skuffa er full av flotte bilda av ho og elevane hennes i bryllup og fest.

Mange av elevane hennes fekk opphald i Noreg, nokre fekk ikkje, og ho var rimeleg knust kvar gong nokon blei tvangssendt ut av landet.

Eg flytta til Oslo i 1989, og eg såg ikkje så mykje til dagleglivet hennes som lærar for asylsøkjarane på 90-talet, men eg har jo sett mange bilda, og høyrde ho og pappa fortelja. Ho prøvde også å pensjonere seg då ho blei sjuk, men det gjekk ikkje lenge før ho ikkje orka vera heime lenger og byrja å jobbe igjen. Det fortel litt om kor mykje jobben tydde for henne.

Mamma var human-etiker. Ikkje aktiv, men ho var medlem. Ho gjorde aldri noko forsøk på å styre meg i noko retning med tanke på livssyn. Pappa var meir eller mindre kristen gjennom heile livet, og eg blei døypt slik normen var på 60-70-talet. Men eg trur også ho var veldig stolt av meg då eg valde å ikkje konfirmere meg og melda meg ut av statskyrkja som 15-åring

På hytta

Mamma var sosialist på sin hals. Eg vaks nærmast opp i 1. mai-tog og fakkeltog for fred. Ho var svært aktiv i Narvik SV, og både ho og pappa hadde sine periodar som leiar i lokallaget på 80-talet.
Mamma var i tillegg leiar i, og dreiv lokallaget til Nei Til Atomvåpen i mange år. Fredsarbeid var det ho brant aller, aller mest for. Både mamma og pappa var også begge svært aktive i miljøet som dreiv bokkafeen i Narvik. Mamma var den typen som bokstaveleg talt sto på barrikadane og gjorde ein innsats for det ho trudde på. Ho hadde ein ekstrem rettferdighetssans, og var utruleg open for det ukjente og synst alt nytt var spennande.
Når det kom nye tekniske duppedittar i hus, meldte pappa seg ut med ein gong, og det var opp til mamma å læra seg å programmere opptak på videospelaren, til dømes.

Mamma var også mormor. I Nord-noreg er det ein tradisjon for at det eine besteforeldreparet ikkje heiter mormor og morfar, men "Mor" og "Far". "Ho mor" og "Han far" blei besteforeldra før eg vart 7 år, og då dei var berre litt eldre enn eg er i skrivande stund. Det var i deira kanskje mest travle tid som yrkesaktive og svært aktive på fritida, både med ulike verv, og også med hyttebyggjing og andre aktivitetar. I  løpet av dei fire-fem neste åra kom det to barnebarn til, og mamma stilte opp som best ho kunne. Dei to yngste gutane budde i samme gate som oss, så dei kom og gjekk hos oss som dei ville når dei blei litt eldre. Ho opplevde også å få to barnebarn til før ho døydde, men det var i den tida ho kjempa mot kreft, og dei yngste hugsar naturleg nok ikkje henne like godt som dei eldre gutane.

Hyttelivet var også svært viktig. Heile sumaren blei ofte tilbragt på hytta ved sjøen der eg vaks opp, og då vi arva den gamle hytta til morfaren min ved Skogvannet på veg opp mot Bjørnfjell, blei den gamle hytta revet og mamma og pappa bygde ny. Frå eg var 10-12 år hadde vi hytte både på fjellet og ved sjøen, og det var eit herleg liv! Det var ei anna tid, så allereie som 10-åring  fekk eg vera aleina ute i båten på sjøen - utan flytevest. Eg skjønar ikkje at dei turte - spesielt med mamma som alltid verka så bekymra for meg då eg blei stor.



Mamma leste konstant - både fagbøker og skjønnlitteratur. Ho var glad i å vera ute, og eg har mange gode minne frå fisketurar på fjellet med telt, og dei var slike foreldra som dro ungane sine opp av sengene på søndag for å dra på skitur. Noko eg inderleg hata... Eg har sterke minne om å sitja i baksetet i ein varm bil med alt for mykje klær og ullgenser som klødde, mens mamma og pappa røyka tett utan å opne nokre vindu... Framme på fjellet var det oppoverbakke både til og frå, og skia var alltid bakglatt...

Ho elska også å reise til andre land, og eg var med dei på sydenturar frå eg var 7. Eg har også fått ein solid dose med bilferie, både innanlands, i Sverige, Finland og i Danmark.
På nittitalet blei dei veldig glade i Larnaca på Kypros og reiste dit fleire gonger.
I 1997 var dei også på ferie der, og ein dag fekk eg plutseleg telefon om at dei var på veg heim via Oslo. Mamma hadde oppdaga ein klump i brystet og fått påvist mogleg kreft på sjukehus der nede.

Brystkreften var ein realitet, og ho måtte operere vekk det eine brystet. Ho tok det etter forholda rimeleg greit og starta å jobbe igjen. Men kreften kom tilbake, og ho fekk påvist spreiing til lymfesystemet. Før jul 1999 blei det også påvist svulst i kraniet. Ho gjekk m.a. på cellegiftkur utover i den første delen av 2000, men i påsken fekk ho urinveisinfeksjon, og utan immunforsvar gjekk det berre ein veg. Eg var på påskeferie i Ulvik då eg fekk beskjed om at det var best at eg kom heim. Den kvelden var siste gong eg snakka med henne, og det var på telefon.

Eg heiv meg i bilen den same kvelden saman med min dåverande kjærast, og køyrde direkte til Narvik i snøstorm og slaps så fort eg kunne. Ein heftig slitsam tur på over 20 timar... Eg rakk akkurat å sjå henne såvidt vaken då eg kom fram til sjukehuset. Ho var på kraftige medisinar, og var ellers ikkje medviten resten av den dagen.

Den påfylgjande natta. natt til skjærtorsdag 2000 fekk vi telefon frå sjukehuset  om at det gjekk mot slutten, og eg ringte til søstrene mine og køyrde pappa opp til sjukehuset så fort eg kunne. Men då vi kom fram var det dessverre allereie over.

Mamma blei 67 år, og hadde ei kjempefin humanistisk gravferd slik ho ynskte.



No har det gått ganske mange år sidan det skjedde, og eg har blitt vant med at ho er borte, men det er sjølvsagt eit sakn som aldri blir heilt borte. Det er så rart at ho ikkje fekk møtt Tone som no er kona mi, og enda rarere er det at ho ikkje fekk oppleva å bli farmor - at eg blei pappa til to fantastiske jenter. Det er også uendeleg trist at ikkje jentene mine fekk treffa ho som var ein så viktig del av mitt liv i så mange år, og som eg kan takke for heile min eksistens, og også for mange av dei verdiane som eg sett høgt.

Mamma visste at eg kom til å få problemer med å få barn, og ho skulda til ein viss grad seg sjølv for at det medisinske problemet ikkje blei fiksa før det var for seint. Eg skulle gjeve mykje for å kunne fortelja henne at det gjekk bra likevel! Med moderne legevitenskap var det relativt lett for meg å bli pappa!

Mamma lever vidare i minner og i bilda!

Kommentarer