Kjede seg? Yeah, right.

Det er lenge sidan eg har vore i ein posisjon der det å kjede seg er ein faktisk potensiell fare. Å vera innlagt på sjukehus langt frå familie og vener, og der ein faktisk må ta det litt med ro pga helsa opnar opp ei heilt ny verd for ein som har to gærne ungar, ein krevjande jobb, eit stort hus, og mange hobbyar. 

No er det sjølvsagt i praksis ingen fare likevel. Så lenge ein har tilgang til ein smarttelefon eller eit nettbrett og tilgang til internett, så har ein jo heile internett å boltre seg på. 


Men kva har eg gjort her på Ahus mens eg har vore innlagt? 
Eg har t.d. lese musikkmagasin på første gong på lenge! Det var kjempeinteressant og artig! Men kjem eg til å kjøpe Mojo Magazine heime på Stathelle? Neppe. 

Eg abonnerer på Illustrert Vitenskap. Min absolutte føretrukne lektyre på mine pappa-timeouts. Dvs. dei minutta (kanskje opptil 20) som eg kan snike meg unna familien annankvar dag på do. Det er likevel som regel ikkje nok til å få få lest ut eit heilt blad før neste blad kjem månaden etter! Resultatet er at eg har ein bunke med uleste Illustrert Vitenskap på badet heime som eg driv og tråklar meg gjennom så fort eg kan. Før i tida var det alltid trist når bladet var lest frå perm til perm, og det enda var eit par veker til neste kom i posten! Det skjer aldri lenger. 

Så har eg tid til å lesa Mojo i livet mitt? Kan dessverre ikkje sjå at det vil skje dei første åra. 


Før las eg bøker! Gjerne ei eller to i veka! Når las eg sist ei bok? Var det Davincikoden? Nei, eg trur det var sjølvbiografien til Monty Python. Det er i alle fall fleire år sidan. Eg abonnerte på fleire teikneseriar også. Pondus, Nemi, M, Rutetid, heile den norske rekka. Men plutseleg byrja det bli uleste bunkar med teikneseriar også! Så eg slutta med nokre av dei. No har eg berre Pondus og Rutetid igjen, og det hender til og med at eg ikkje rekk å lesa Pondusbladet før det neste ligg i postkassa... Tragisk er det. 

Dvs: Eg seier det er tragisk fordi eg føler eg burde synast det, men om det var genuint tragisk, så ville eg jo berre prioritert annleis. Det same gjeld lesing av bøker. 
Ein stor skilnad er jo at frå eg lærte å lesa, så leste eg på senga, men det blei det slutt på då fruen kom inn i livet. 

Her på sjukehuset har det vore litt annleis. Dei første par dagane var eg stuck rimeleg aleina, men eg hadde nettbrett og eit par blader. Det handlar både om å få tida til å gå for å bli ferdig så eg kan koma heim, men kanskje også like mykje å halda tankane opptatt med ting så eg ikkje stressar med at eg er borte frå jobben... På nettbrettet har eg nokre episodar av Mythbusters. Alltid ein sikker vinnar. Til og med Tone synst det kan vera litt moro - i alle fall når det ikkje berre er eksplosjonar. 

Eg byrja å teikne litt på nettbrettet. Eg har jo ein liten kunstnar i magen, men han har litt prestasjonsangst, og vil ikkje koma heilt ut. Han har dessutan høyrd at å vera kunstnar er hardt arbeid, og hardt arbeid er ikkje noko eg prioriterer ved sidan av jobben, alt for ofte. Men eg kan jo drodle litt. På nettbrettet.

Nettbrett er altså kjempefint til mange ting, men det det ikkje er fint til, det er å skriva på. Då Tone kom hit med laptopen min, opna det seg mange nye ting å finna på - og tastaturet var det første som fekk kjørt seg. Eg har ein skribent også i magen. Eg skreiv mykje før, og som 20-åring skreiv eg faktisk 50-100 sider som starten på ei bok, men kom ikkje lenger. Men no når eg ikkje har noko anna å finna på, og når eg (nesten bokstaveleg talt) har noko på hjartet, så melder plutseleg behovet for å skriva seg igjen. Resultatet er det du les no - ein ny blogg. 

Skriving krev tid det også, og tid har eg masse av her på sjukehuset, men ikkje når eg er tilbake heime. Då må eg prioritere, og kjenner eg meg sjølv rett, så kjem eg ikkje til å prioritere skriving når eg kjem heim. For alt eg veit er dette det siste innlegget i bloggen - eller eventuelt på lang tid. Eg kjenner meg sjølv så godt at eg veit at det er veldig truleg. 

For når skal eg skriva? Og kva skal eg skriva om? Dagen forsvinn i jobb, henting/levering/middag/leik med ungar/husarbeid. Livet mitt er stort sett best skildra av Nils Axle Kanten i Hjalmar. Hjalmar er mitt alter ego på mange område!



Ingen grunn til at eg skal skriva noko om dagleglivet.  Når ungane omsider er i seng, så er eg sliten. Då brukar vi oftast tid saman med ein TV-serie, eller så spelar vi musikk saman, eller så sorterer eg bilda, eller så spelar eg Playstation, eller så er eg ute og fotograferer, eller så prøver eg å produsere noko musikk på eiga hand som Kustus, eller så blir det litt ekstra jobbing, eller oppussing, eller så går eg tur, eller trener, eller ser film i heimekinoen, eller lagar film, eller redigerer video. Ja - det er mykje å henge fingrane i. 

Er ikkje tid til å skriva blogg i det livet - eller male eller teikna. - Det får bli når kidsa er store? 
Kjem eg til å få eit liv ein gong der eg ikkje har noko å finna på? Vil livet bli keisamt nokon gong? Eg kan ikkje sjå at det kan skje. 

Eg trivast i jobben min, trass i at den er i ferd med å prøve å ta livet av meg, og når realitetane i eldrebølgen slår oss - praktisk og økonomisk, vil det vel visa seg at eg må jobbe til eg er minst 75, og det er forsåvidt heilt greit. Men er det først då eg får tid til å driva med alt eg eigentleg har mest lyst til? 

Er det neste innlegget i bloggen datert i 2045? 

Kommentarer