Frå fjortis til førtis

Då eg var fjortis var tanken på at vaksne kunne spela dataspel rimeleg fjern. Det vil seia generasjonen over meg og eldre enn det igjen. Ikkje fordi eg ikkje eg trudde at dei kunne lika det, men fordi den eldre generasjonen viste så uhyre lita interesse for det, og heilt klart såg på det som leikety som ein burde/skulle slutte med når ein blei vaksen. Eg trur eigentleg at foreldra mine hadde ei slags forventning om at omtrent alle interessene mine kom til å endre seg når eg berre blei eldre.

Ikkje minst musikksmaken. Eg trur det var ei utbreidd oppfatning at før eller seinare - i alle fall når ein hadde runda 30, så ville ein slutte å høyra på bråkemusikk og listepop til fordel for jazz og klassisk musikk. Og opera! Særlig...

I 1990 var eg 20 år. Då drog eg og ein kompis og såg Rolling Stones på Valle Hovin, enda så blakke vi var - fordi det var "sikkert siste sjans til å sjå dei fossilane på scenen". Yeah right! 24 år seinare står dei enda på scenen. Kven skulle trudd det då?

Men i 2010 då eg blei førtis og no seinare, veit vi trass alt betre. I 1990 var Mick Jagger berre 47! Ein ungsau! Han var faktisk tre år yngre då enn denne 50-åringen er i dag! Snakk om revolusjon!

Lenny Kravitz. Foto: Mathieu Bitton

Då eg var fjortis tenkte eg at musikksmak og interesser for t.d. dataspel og teikneseriar var knytta til ein "ungdomskultur" som var fundamentalt annleis enn "vaksenkultur".

No når eg er førtis har eg jo (kanskje litt motvillig) faktisk blitt vaksen, og interessene mine har i grunnen endra seg lite frå då eg var 19. Eg les like mykje teikneseriar, spelar like mykje (eller meir) dataspel, og høyrar på like mykje bråkemusikk som då. Å vera vaksen har ikkje med alder å gjera. Ein blir vaksen med ein gong ein får ansvar for noko. Om det er eit barn, eit huslån, ein bedrift eller eit sjukt familiemedlem er ikkje viktig. Ein blir vaksen med ein gong ein ikkje kan gjera akkurat det ein vil heile tida.

Men det får ingen konsekvenser for verken musikksmak eller interesser. Ein utviklar seg jo som menneske, og det kan henda at ein veks frå Justin Bieber eller Geir Børresen og Smurfene som var vår generasjons alternativ, men ein forandrar seg eigentleg utruleg lite!

Nirvana på Kalvøya 1992. Eg var der, og var skuffa. 

Då eg var på Kalvøya- og Roskildefestivalen på 90-talet var det eigentleg ganske langt mellom dei som var 40+, så vidt eg hugsar. Eg hugsar at eg synst det var rart at kollegaen min som var over 30 skulle på Roskildefestivalen då eg var 22. Det er rart å tenkje på i dag. I dag er den typiske festivaldeltakaren like gjerne 40+ som 20+. Festivalane har blitt fleire, og speglar endringane i interesser blant folk flest. Nokre av festivalane trekk til seg eit yngre publikum (t.d. Hove), mens andre har ein meir vaksen profil, men svært mange av festivalane tiltrekk seg eit publikum som spenner heilt frå 18 til 50+, og det er utruleg kult!

Når eg har blitt førtis har eg forstått at det eg trudde var ungdomskulturen vår ikkje var ein ungdomskultur i det heile tatt! Det var ganske enkelt kulturen vår, og den held fram med å vera kulturen vår sjølv om vi blir eldre!

Allereie no tar Beatles og Stones over for Jens Book-Jensen som musikk på daglegstua på aldersheimane, og når eg er klar for å bli institusjonalisert (aldri), kjem eg til å spela Soundgarden, Smashing Pumpkins, QOTSA og Foo Fighters like høgt eller truleg høgare som no. Ettersom eg også truleg kjem til å sitja i  rullestol, kjem eg også sikkert til å leva livet i ei VR-verd a la OASIS i boka Ready Player One. Det blir ikkje så verst!



Som førtis er eg like ivrig på PS3'en no som eg ville vore for 30 år sidan dersom PS3 hadde eksistert då. Eg har berre ikkje like mykje tid til å spela som då. Men eg tar "skippertak" innimellom. Eg heng nokre år etter på spel som eg har lyst til å spela, så eg har ikkje hatt det travelt med å kjøpa PS4.

For 30 år sidan fanst ikkje PS3, men eg kjøpte min første datamaskin i 1984. Ein Sharp MZ-700. Ei stund angra eg litt på at eg ikkje gjekk for ein Commodore 64, men eg hadde like mykje moro med Sharpen, sjølv om spela var enklare. Den hadde ikkje grafikkmulighetene som C-64 hadde, men t.d. tekst-adventure-spela var knallbra.

Som sagt, ikkje stor grafikk, men moro lell!

Det som ikkje var så bra, var t.d. å spela sjakk mot den. Med 4mhz CPU og 64kb RAM tok det ei stund for maskina å tenkje seg om dersom den skulle gje noko som helst motstand. Ein måtte skru opp vanskelighetsgraden og då kunne det lett gå 2-3-4 timar mellom kvart trekk, og enda var det lett å slå den. Snakk om tålmodige kids!

Som førtis er det minst like moro med teknologi - og no har eg råd til det! Eg har spelt dataspel i 30 år, og driv gjerne med retrogaming. Det tyder at eg rett som det er at eg spelar spel eg har kost meg med før som er både 10, 20 og 30 år gamle. Det skal eg kanskje koma tilbake til i eit eige retrospelinnlegg.

Det går i alle fall ei heilt klar rett line frå den tida for 30 år sidan då eg brukte alt for mange kronestykker på Pole Position på Evas Gatekjøkken til mine daglege godstunder med Gran Turismo 6 i heimekinoen! Det er nøyaktig den same gleda eg kjenner inni meg når eg køyrer først over målstreken no, som eg kjente då eg var 13!



Då eg var fjortis, eller kanskje litt eldre, såg eg faktisk meir kunstfilm enn no. På den tida såg eg alt mogleg . for vi hadde jo så masse tid! Då eg gjekk på vidaregåande var eg medlem i Narvik Filmklubb og såg obskure (og spennande) filmar på kinoen Mea. Som førtis har eg dessverre ikkje tid til å sjå så mykje film, så då blir det for det meste blockbustere og gladvold - og tv-serier. Vi har ein eigen filmklubb i gata vår. Filmklubben Pils og Gladvold. Der slappar vi av og ser gladvoldfilmar og drikk pils i heimekinoen. Ingenting er betre enn det!

Eg har i alle år høyrd at gæmlisar seier at dei føler seg like unge inni seg sjølv om dei har blitt gamle, og eg skjønar kva dei meiner. Det er berre erfaringa, ansvaret og sjølvtilliten som gjer meg annleis frå då eg var 19. - Og det grå skjegget... Eg er definitivt på ein veldig bra plass som 44-åring, men eg tenkjer tilbake og synst burde turt litt meir både som fjortis og nokon-og-tjuge. Kven veit kva eg kunne ha opplevd då!

Men - så er det også viktig at ein ikkje sett seg ned i sofaen og tenkjer at livet er over berre fordi ein er stuck i ein streit jobb og er avhengig av fast inntekt for å betjene huslån og fritidsaktivitetar til ungane. Livet er så definitivt ikkje over! Eg kan framleis ha det moro med nesten alt som eg hadde det moro med som 20-åring, og no har eg i tillegg økonomi til det!

Den fylgjande plakaten viser ei sanning som eg kjenner meg att i:


Eg har jo ikkje kome til "old age" enda, så eg skal gjera mitt beste for å ha så mykje energi som mogleg når den tida kjem. Eg skal i  alle fall ikkje setja meg i ein stol og seia at alt var betre før, slik alt for mange av mine jamnaldrande allereie gjer.

Hadde det berre vore like lett å halda vekta, og kroppen ikkje viste teikn til slitasje, så hadde det vore heilt konge. For oppe i hodet har ein jo ting mykje meir på stell enn då ein var tenåring. Tenk om eg kunne tatt med meg den erfaringa og den sjølvtilliten eg har som 44-åring tilbake 25 år!

- Eg hadde sikkert blitt ei klyse...

Kommentarer