Innlegg

Viser innlegg fra 2014

Tatovering og hjartesjukdom

Bilde
Eit par dagar etter at eg kom heim frå Feiringklinikken og fått satt inn stent etter å ha få vore 1% frå hjarteinfarkt, tok eg opptelling på alle medisinane eg måtte byrja å ta, og skjønte plutseleg at dei blodfortynnande medisinane mine kunne bli eit problem for tatoveringsplanene mine. Det var ein nedtur!
Tatovering, spør du kanskje? Driv du med slikt? Eg kjente deg før du flytta frå Oslo. Då hadde du ingen tatoveringar! Nei, det stemmer. Eg hadde ikkje det. Men det betyr ikkje at eg ikkje hadde lyst på!
Eg har sidan tidleg 90-tal hatt planar om tatoveringar, men tok av ulike årsaker ikkje steget inn i nærmaste tatoveringssjappe. 
For det første, tatoveringar kostar pengar. Ganske mange pengar dersom du har lyst til å koma ut av sjappa med noko som ikkje ser ut som at tanta di har gått amok med sprittusj. 
For det andre; det er viktig kva ein dekorerer kroppen sin med. Det bør vera gjennomtenkt. Å gå innom ei tilfeldig tattoosjappe i syden og bla i katalogen for å endre opp med det kin…

Hyllest til ho mamma (1932-2000)

Bilde
Det blir ein del mimreinnlegg i denne bloggen ser eg, og fleire skal det nok bli... No vil eg skriva litt om dei som er skulda for at eg er her på jorda i det heile tatt. Det er både for meg sjølv, for andre i familien, for dei som kjente dei, men også i høgaste grad for ungane mine, som aldri fekk møta besteforeldra på mi side.

Først ut er ho mamma. Ho heitte Brit Lajla Lockertsen mesteparten av livet, men blei født som Brit Lajla Johnsen i Narvik i 1932. Ho var lillesøster i ein familie med to storebrødre, ein far som jobba på jernbanen, og ei mor som var heimeverande, slik det som regel var på den tida. Faren vaks opp på Framnes gard som låg der flyplassen i Narvik ligg no, medan mor hennes vart fødd på Liland, men flytta med familien til Narvik då ho var unge.

Ho mamma var nesten 8 år då Hitler ville ta kontroll på jernmalmen som blei skipa ut frå gruvene i Sverige over havna i Narvik. Tidleg om morgonen 9. april 1940 vakna ho av lyden av kraftige eksplosjonar på havna, berre nokr…

Kvifor ikkje Supertorsdag?

Etter å ha flytta til "bygda" har vi fått ei ny utfordring som vi har sloppe å forhalda oss til før.

Åtteåringen kom for ei tid tilbake gledesstrålande heim og spurte om ho kunne vera med venninna si på Supertorsdag! Vi skal bake og lage mat! Supertorsdag høyrast jo gøy ut, det synst jo eg også. Eg måtte svare fort, så eg sa ja på rappen, sjølv om eg mistenkte kva det er.
Ho dro dit og koste seg masse.

Så kva ER Supertorsdag?
Supertorsdag er eit arrangement som Betania i Stathelle har kvar torsdag for barn mellom 5 og 12 år.

Vi møtes hver torsdag kl. 18.00 i salen til samling hvor vi synger, leker litt og har en andakt, før vi går i ulike interessegrupper. 
Vi har følgende interessegrupper barna kan være med på:
NonStop (dans) | Mat & hobby | Royal Rangers (speider) | Sport & Spill
Det høyrast jo greit ut, og ungane elskar det. Halve klassen til åtteåringen plar vera der kvar torsdag.
For eit par dagar sidan kom ho så heim og spurte om ho kunne vera med dit igjen. Denne…

Meg og musikken

Bilde
Eg har drive med musikk sidan eg var ein neve stor. Eg vaks opp med eldre søstre og fekk tidleg inn musikken. The Beatles var favoritt heilt frå starten. Også Bee Gees, Pink Floyd og Queen. I fjerde-femte klasse byrja eg på gitarkurs med svigerbroren min sin frykteleg tungspilte halvakustiske gitar. Eg kan enda hugsa gitarlæraren sine desperate forsøk på å stemme den.
Men den såg veldig kul ut, og det var jo sjølvsagt det viktigaste!

Etter å ha lært å mestre både Tom Dooley og Lille Vackra Anna frå Lillebjørns gitarbok byrja eg å lage låtar på eiga hand. Klassikarar som "Rock, rock, rock" såg dagens lys, men eg blei ikkje oppdaga.

Eg og nokre kompisar hadde som mål å bli det nye Beatles - i ei tid då "alle" var Kiss-fans.

I femte og sjette klasse var det opptreden saman med eit par kompisar på klasseavslutningar med Beatleslåtar. From Me To You i femte, og A Hard Days Night i sjette.

Då eg byrja på ungdomsskulen i sjuande møtte eg nye folk som fekk mykje å seia for …

Driv kyrkja med medlemsjuks?

Bilde
Eg frusta i førre innlegg over at minstepia mi tydelegvis figurerer i Den Norske Kyrkja (DNK) sitt medlemsregister trass i at eg var sikker på at både eg og Tone var utmeldt.

Der tok eg feil gitt. Eg sendte ein litt hissig men hyggeleg mail til Bamble Menighetskontor med spørsmål om korleis dette kunne ha seg, og fekk svar etter eit par dagar frå ei hyggeleg og ganske audmjuk dame som beklaga, men kunne melda at Tone framleis stod som medlem i statskyrkja.
Sukk... Ho har berre meldt seg ut to gonger før. Kan det vera riktig at det skal vera så jævla vanskeleg å melda seg ut?

Eg opplevde jo også det same. Eg troppa opp på kontoret til Narvik Menighet i 1986 og sa eg ville melda meg ut. Det var ikkje berre eit skjema eg måtte fylla ut då. Eg måtte faktisk inn og snakke med sognepresten først! Han ville altså forsikre meg om at eg fullt forsto implikasjonane ved å melda meg ut. Anyways, skjema fylt og levert, og eg trudde alt var ok.



Tidleg på 90-talet fekk eg imidlertid brev frå DNK, og …

Den arrogante norske kyrkja

Bilde
I dag datt det ned i postkassa brev frå Den Norske Kirke, Bamble Menighet adressert til treåringen min. 
WTF, tenkjer eg. Here we go again. Det er invitasjon til poden for å få den såkalla fireårsboka.
Jasså, seier du kanskje. Det er vel ikkje noko å hisse seg opp over?
Jo det er faktisk det! Eg synst det er noko forbaska drit at dottera mi står i den databasen som ho tydelegvis gjer. 
"Dette registeret viser oss hvem som er døpt, og hvem som har en eller begge foreldrene som medlem i kirken" står det. Minsta er i INGEN av desse kategoriane. Kvifor i svarte er ho då i registeret?
Ho er ikkje døypt, og verken eg eller mora hennes er medlem i statskyrkja. Ikkje er storesøstera døypt, heller. Kvifor er då minsta mi der? Gjev dei berre faen i å ha eit riktig register? Kopierer dei berre folkeregisteret? Dei får pengar frå staten basert på medlemstalet. Er dette måten dei opprettheld det høge medlemstalet? 


Kva ville folk sagt om ungane deira automatisk blei registrert i medlemsre…

Retrospel

Bilde
Litt nerding. Eg lova i eit anna mimreinnlegg at eg skulle skriva litt om retrospeling. Opp gjennom tidene har eg spelt mykje dataspel og tv-spel som det heitte ein gong i tida. Eg hadde ein kompis med ein teknologisk interessert pappa. Han hadde med seg heim eit tv-spel ein gong, og det var vel det første møtet mitt med tv-spel. Det hadde pong, og nokre andre variantar av tilsvarande spel. Kontrollane var potentiometer. Ikkje noko anna. Men moro!

Ved neste korsveg ca 83 fekk eg min første datamaskin. Ein Sharp MZ-700. Kompisar hadde Commodore 64 og etter kvart Amstrad som hadde mykje betre grafikk, men det brydde eg meg ikkje om!

Nintendo Game & Watch var stort. Eg hadde eit spel, og spelte det konstant. Snoopy Tennis. Donkey Kong var kongen på haugen, på meir enn ein måte, men var for dyrt, så det måtte eg låne av ein kompis.


Eg spelte for øvrig bort all ukelønn og meir til på automatar på gatekjøkken. Klassikarar som Pacman på Villabyen gatekjøkken i Narvik og Asteroids i bordv…

Bomtur

Bilde
Onsdag, og eg har vore på Feiringklinikken til den planlagte angiografien på den andre kransarterien som viste teikn til forkalking. Vi har berre ein bil i familien vår, så det var ikkje aktuelt å ta denne. Fruen må ha bil til henting og levering i barnehagen. Eg vurderte å leige bil, men då hadde eg måtta reist tysdag kveld pga rushtida inn til Oslo om morgonen. Så då fann eg ut at det var like greit å ta morgonbussen. Den samme avgangen med Sørlandsekspressen som eg plar ta når eg skal på jobb i Oslo.

Starta med lokalbuss klokka 06:10. Den var sjølvsagt tre minutt forsinka, og eg har i utgangspunktet 7 minutt å gå på for å ta meg frå busstoppet på Rugtvedt kryss til Rugtvedt terminal, så då blei eg passe nervøs for ikkje å rekke det. Sørlandsekspressen var imidlertid litt forsinka som vanleg, så det gjekk bra.

To timar og tjue minutt i slumreland, så var eg framme på bussterminalen. Der måtte eg vente 1 time og 20 minutt på Gjøviksbussen som skulle ta meg til Feiring. Bah. Ikkje fe…

Frå fjortis til førtis

Bilde
Då eg var fjortis var tanken på at vaksne kunne spela dataspel rimeleg fjern. Det vil seia generasjonen over meg og eldre enn det igjen. Ikkje fordi eg ikkje eg trudde at dei kunne lika det, men fordi den eldre generasjonen viste så uhyre lita interesse for det, og heilt klart såg på det som leikety som ein burde/skulle slutte med når ein blei vaksen. Eg trur eigentleg at foreldra mine hadde ei slags forventning om at omtrent alle interessene mine kom til å endre seg når eg berre blei eldre.

Ikkje minst musikksmaken. Eg trur det var ei utbreidd oppfatning at før eller seinare - i alle fall når ein hadde runda 30, så ville ein slutte å høyra på bråkemusikk og listepop til fordel for jazz og klassisk musikk. Og opera! Særlig...

I 1990 var eg 20 år. Då drog eg og ein kompis og såg Rolling Stones på Valle Hovin, enda så blakke vi var - fordi det var "sikkert siste sjans til å sjå dei fossilane på scenen". Yeah right! 24 år seinare står dei enda på scenen. Kven skulle trudd det d…

Bloggtørke - allereie

Bilde
Det blei som eg forventa. Eg kjenner meg sjølv.

Kvardagen kom på måndag, og sidan kvardagen kom og tok meg har eg ikkje blogga. Det har vore fem dagar med rutine. Opp klokka ti på sju, få eldstejenta ut av døra til skulen, gå på jobben. Ferdig på jobben, hente i barnehagen, lage middag, sjå barne-tv, legge ungar, legge meg. Repeat.

Hjartesjukdomen som opptok meg så intenst eit par veker er allereie noko eg ikkje tenkjer på. Den einaste plaga eg har hatt er vondt i armen som dei gjekk inn gjennom. Eg har hatt vondt om natta, og når eg sit i ro og arbeidar. Det blir betre når eg er i aktivitet og får opp pulsen. Difor har eg tatt ein tur i skauen i lunchen dei fleste av dagane, og det har funka utmerka. Det er (naturleg nok) mykje enklare å vera motivert til ein liten løpe-/gåtur i lunchen, enn klokka åtte om kvelden...

Eg tar meg i å tenkje at "no burde eg ha blogga". Men blogge om kva då? Eg kjenner at det å skriva dette innlegget no nærmast er som å skvise appelsinen for no…

Hjertesmerten på sykesengekanten. (Gjesteinnlegg)

Bilde
Fylgjande innlegg er skriva av min kjære fru Lockertsen, og viser korleis det kan vera å oppleva hjartesjukdom som pårørande, Dette skildrar dei første dagane.

***

Vi hadde nettopp giftet oss. Vi har faktisk nettopp giftet oss - det er ikke 2 uker siden en gang - men det virker så veldig fjernt akkurat nå.

Vi har vært sammen i snart 13 år, men likevel var det magisk, fantastisk, spesielt, verdifullt og flott å gifte seg! Så mye mer enn jeg egentlig hadde trodd på forhånd!
Jeg har aldri vært en prinsessejente som har planlagt bryllupet mitt fra jeg var fem år gammel. Det å gifte seg har aldri vært noen stor drøm for meg. Når vi likevel bestemte oss for å gjøre det, kjente jeg på sommerfuglene i magen og visste at dette kom til å bli større enn jeg hadde forutsett, og det ble det!


To nygifte dager fikk vi sammen - da aller mest i et lite kaos av blomster, gaver, brudepikekjoler og pensko - før Holger dro til Oslo på sin vanlige ukespendletur.

Klokka litt over syv på tirsdagskvelden tikk…

Det er bare stress

Bilde
"Det er bare stress". 
Kor mange gonger har du sagt det til deg sjølv? Eller til andre. Er det bare slik? Er det bare bare?

Har du kjent stresset på kroppen? Fysisk?



Eg er relativt overfølsam på kva signal kroppen sender meg for tida. Ein bitteliten del av meg ventar jo omtrent bare på at hjartet skal slutte å slå... - Heilt utan grunn, sjølvsagt. Eg er jo reparert!

Så, seint i går kveld, midt under sesong 3, episode 20 av Fringe, kjente eg plutseleg trykk eller ubehag i brystet. Ein skikkeleg knute. Ikkje slik som trykket var då eg hadde anginasmerter, men ekkelt likevel.
Hjartet slo raskare, og eg kjente at eg blei svimmel. Eg prøvde å fylgje med på handlinga på TV, men mista fokus, og blei enda meir svimmel. "Jasså gitt, er det slutten som kjem?", er det ein liten stemme i hodet som seier, men alle dei andre stemmene i hodet seier unisont: "Hald kjeft".

Eg måtte setja på pause, og seia frå til Tone. Ho fortente eit forvarsel dersom eg besvimte, tenkte…

Tankar på stranda

Bilde
Eg har vore heime nokre dagar. Formen er etter det eg kan kjenne heilt tilbake, og har vore på tur i lysløypa i Røsskleiva både i går og i forgårs. Herleg!



I dag har eg vore aleina med ungane medan Tone var på tur, og vi har mellom anna vore på handletur, og på stranda. Vi har to minutt å gå ned stien til den lokale stranda, og det var frykteleg deilig å dra ned dit og vera der. Dei siste dagane etter eg kom heim har det vore skiftande vær, og ikkje så varmt. Nærmast litt haust i lufta. I dag var det over 20 grader, og det var enda fin temperatur i vatnet. Eg presterte å gløyma både mi og minsta si badebukse heime, men det blåste vi i. Det var ingen andre der, så vi bada i underbuksa.


Storesøster snorkla og lillesøster satt i vannkanten og såg på. Ho kom med ivrige tilrop, mens eg soltørka etter dukkerten og nippa til termokoppen med kaffe eg hadde tatt med meg. Det var rart å tenkje tilbake ei veke. Då satt eg også i sola, men det var utanfor hovudinngangen på Ahus, og eg kjente på t…